Spelemidlar til ordinære idretts- og friluftsanlegg

Tilskudd
Geografisk betinget?
Om støtteordningen

Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar, som kjem av overskotet til Norsk Tipping og er administrert av Kulturdepartementet. Midlane skal nyttast til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Vestland fylke. Søknadsfristen er 15. januar.

Kven kan søke?

Dei som kan søkje om spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre lag og organisasjonar kan også bli godkjende søkarar avhengig av laget sine vedtekter.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for kommunane er 15. januar. Kommunane har også ulike fristar for innsending for frivillig sektor. Kontakt din kommune for informasjon om lokal frist. 

Kva kan du søke om?

Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Søknadsordninga er delt inn i to hovudgrupper, ordinære anlegg, som er vanlege idrettsanlegg, og nærmiljøanlegg, som er mindre anlegg hovudsakleg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Korleis søker du?

Du søker via www.anleggsregisteret.no. Søknaden vert først behandla av kommunen, som vidaresender den til fylkeskommunen.

Korleis blir pengane fordelte?

Vestland fylkeskommune fekk 236 mill kr til fordeling i 2022. Midlane vart fordelte på bakgrunn av fastlagde kriterium frå Kulturdepartementet, vedteken anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune, samt kommunane sine prioriteringslister.

Les meir og finn relevante lenker på vestlandfylke.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Vestland fylkeskommunes støtteordninger
logo
Tilskot frå nærings- og utviklingsfond for utsette område

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar frå nærings- og utviklingsfond for utsette område. Ramma for denne utlysinga er på inntil 6 millionar kroner.

Midlane frå fondet skal vere med på å legge til rette for omstilling og utvikling i kommunar og område med utfordringar som har, eller kan føre til langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing.

Kven kan søkje?

Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om midlar til tiltak saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag for ein eller fleire kommunar kan søke på vegne av aktørar i målgruppa. 

Målgruppe for fondet/tilskotsordninga er kommunar eller deler av kommunar i Vestland med utfordringar som har eller kan føre til store negative og langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. 

Kva kan vi søkje om?

Det kan søkjast om støtte til tiltak som er innanfor retningslinene og som skal legge til rette for omstilling og utvikling. Føremålet er å styrke næringsgrunnlaget og å bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga.

Kriteria for tildeling

Områder som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga vil bli prioritert, saman med områder med stor folketalsnedgang. I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:  

• Auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial 
• Ei berekraftig omstilling og utvikling av næringslivet 
• Prosjekt som er nyskapande og framtidsretta 
• Om tiltak er forankra i kommunale eller regionale næringsplanar 

Tilskotet frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjekt ikkje vil bli gjennomført utan tilskot frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.

Det vil bli lagt vekt på at søkar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk og risikofaktorane må vere klargjort. Der det er naturleg skal tiltak koordinerast i høve til bidrag frå andre offentlege aktørar. 

Avgrensing

Tilskotet skal ikkje brukast til: 

• Driftskostnadar i næringsverksemd og organisasjonar
• Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital
• Drift av eller investeringar i statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver som er utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre

Det blir ikkje gitt direkte bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Føretak kan unnataksvis søkje dersom tiltaket er eit fellestiltak knytt til næringsutvikling.

Krav til søknad

Følgjande opplysningar må vere med i søknaden:  
 
Opplysningar om søkjar  

a) Den ansvarlege prosjekteigaren sitt namn og organisasjonsnummer 
b) Kven som er kontaktperson. 

Økonomi  

c) Kva tilskotsbeløp det vert søkt om 
d) Budsjett med finansieringsplan Skildring av tiltak og forventa resultat 
e)Tiltaket det vert søkt om tilskot til, mellom anna mål og målgruppe  
f) Framdriftsplanen for aktivitetar 
g) Organisering av tiltaket, mellom anna eventuelle samarbeidspartnarar og kva roller dei skal ha 
h) Om tiltaket har forankring i kommunale og fylkeskommunale planar 
i) Resultata ein ventar å oppnå 

Dersom de tidlegare har motteke offentleg støtte etter EØS-avtalen må de spesifisere kva type støtte de har motteke.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Eit LivOGLyst-prosjekt skal legge til rette for at alle som bur i området, får høve til å bidra. No kan du gjennom ein friviljug organisasjon søkje om tilskot.

Kva saknar du og andre i ditt lokalsamfunn? Fleire møteplassar, fleire aktivitetar, fleire gode samtalar i kvardagen?  

Føremålet med LivOGLyst er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand; styrkje lokal identitet, lysta til å bu og lokalt næringsliv. 

Programmet handlar om å mobilisere dei som bur i eller har tilknyting til området. Det gjer ein gjennom å samla folk på tvers av alder og andre sosiale skilnadar og saman peike ut ein veg mot eit meir levande og inkluderande nærmiljø. Næringsutvikling kan vere ein del av dette.

LivOGLyst er eit program som er utforma og blir gjennomført i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.

Kven kan søka?

Her er alle velkome til å søka –det vere seg bygda sine etablerte eldsjeler eller dei nysgjerrige nytilkomne! 

Men det er eit krav at arbeidet må forankrast i lokalsamfunnet med eit frivillig lag/foreining som eigar og leiar av prosjektet. Dette laget må ha eit organisasjonsnummer.  

Fleire organisasjonar kan gjerne samarbeide om eit LivOGLyst-prosjekt – det samsvarar ypparleg med programmet sitt fokus på brei mobilisering.  

Om du ikkje tilhøyrar ein etablert organisasjon, men tenkjer at LivOGLyst er noko for deg og ditt lokalsamfunn – kontakt din kommune og få hjelp til å starta opp. 

• Eit frivillig lag/foreining må eige prosjektet 
• Ei arbeidsgruppe på minimum 5 personar skal ha hovudansvar for prosjektet 
• Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad. 

Kva tilbyr vi?

• Nettverk med andre eldsjeler i LivOGLyst-programmet 
• Samlingar og konferansar for LivOGLyst-prosjekt i Vestland fylke 
• Kursing i prosjektmetodar 
• Rettleiing i prosjektarbeidet 
• Økonomisk tilskot

Alle LivOGLyst-prosjekt byrjar som eittårige forprosjekt; eitt år hovudsakeleg til å mobilisera, kartlegga og identifisera ønskje og idear i lokalsamfunnet. 

LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 80 000 
Etter forprosjektsperioden kan ein søka om å verte hovudprosjekt. Om innvilga får ein stønad i tre år til å vidareutvikla LivOGLyst-prosjektet. 

LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 390 000 fordelt over tre år.   
For hovudprosjekt skal også den aktuelle kommunen bidra med finansiell stønad til prosjektet, kr 90 000 fordelt over ein treårig periode. 

Kva kan tilskotet gå til? 

• Prosjektleiing (inntil 50%) 
• Kompetanseheving/kurs 
• Nettverksbygging 
• Mobilisering 
• Innkjøp som mogleggjer planlagde aktivitetar

Kva forventar vi?

• Ein god søknad, innan fristen 25. oktober
• Eit formalisert samarbeid mellom kommunen og prosjektet. Støtteerklæring frå kommunen skal leverast som vedlegg til søknaden. Kommunen skal utpeika ein kontaktperson for prosjektet. For LivOGLyst-hovudprosjekt skal kommunen medverke med minst kr 30 000 årleg til prosjektet
• Deltaking på samlingar og den årlege LivOGLyst-konferansen
• Årleg skriftleg rapport om prosjektstatus

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Erasmus+-midlar

Ønsker de å reise til regionar i Europa for å få fagleg påfyll og ny kompetanse i arbeidet med å utvikle Vestland? Vestland fylkeskommune lyser ut EU-midlar til tverrsektorielt lokalt og europeisk samarbeid om å styrke opplæring og kompetanse i tråd med behova i arbeidslivet

Vi meiner det er viktig å hente inspirasjon også frå stadar og fagmiljø utanfor Noreg. Vi meiner òg at det gir ekstra læring og betre resultat om fleire organisasjonar frå lokalsamfunnet/regionen reiser saman. Fylkeskommunen har difor søkt og fått midlar til tverrsektorielle lokale samarbeidsprosjekt frå EU-sitt Erasmus+-program. Gjennom ordninga vil vi stimulere samfunnsaktørar i Vestland til å møte europeiske aktørar for å utveksle røynsler og kompetanse, sjå nye løysingar og moglegheiter, og ikkje minst styrkje europeisk fagsamarbeid.

Prosjekttype

Opphald/hospitering hos europeisk samarbeidsorganisasjon for tverrsektorielle grupper (staff-mobilitet).

Vilkår for støtte

• Kommune, regionråd eller annan aktør (etter avtale med fylkeskommunen) set saman ei lokal samarbeidsgruppe og søker og koordinerer prosjektet på vegne av denne (prosjektansvarleg).
• Samarbeidsgruppa bør ha med tilsette frå kommunar/regionråd, vidaregåande skular-yrkesfag/fagskule (absolutt krav), næringsliv og gjerne også frå frivillig sektor.
• Utanlandsopphaldet skal planleggast i samarbeid med ein europeisk organisasjon (hovudmottakar). Fylkeskommunen kan ev. hjelpe til med å finne europeisk samarbeidspartnar.
• Samarbeidsgruppa deltek på same reise og utviklar ei plattform for lokalt samarbeid i etterkant.
• Prosjekttema skal vere innanfor kommunane/regionråda sine ansvarsområde som også har tilknyting til eit eller fleire yrkesfag: t.d. reiseliv, lokalmat, næringsutvikling, helse og omsorg, folkehelse, miljø, bygg og anlegg, design, akvakultur, grøn omstilling, energi og digitalisering.
• Kvart mobilitetsprosjekt må ha minst tre norske deltakarar og gjennomføre eit fagleg program på to-fire (arbeids)dagar.
• Det er eit absolutt krav at vidaregåande skule-yrkesfag og/eller fagskule er med i samarbeidsgruppa.

Finansiering

Midlane blir tildelte etter faste EU-satsar og dekkjer omlag 80 til 100 prosent av utgifter til reise/hospitering til ulike europeiske land, etter tal deltakarar, lengde på opphald og reiselengde. Midlane dekkjer ikkje løn. Sjå EU-satsane på vestlandfylke.no

Søknad og søknadsfrist

De søkjer om Erasmus+staff-mobilitet gjennom regionalforvaltning.no.

Fylkeskommunen har igjen fleire midlar innan dette tiltaket (pga. korona-pandemien), og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. I søknaden skriv de kva  prosjektperiode som er aktuell for dykk. 

Løpande søknadsfrist til 01.11.2022. Prosjekta må gjennomførast innan 31. mai 2023.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til læreplassgaranti

Vi lyser ut midlar til læreplassgaranti for å sikre god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.
Fylkestinget har sett av 1.4 millionar til prosjekt knytt til læreplassgaranti. Kriteria for utlysinga er vedteke i hovudutval for næring.

Prosjektet må oppfylle minst eitt av tre føremål:

• Jobbe for læreplassgaranti i regionen eller ved ein eller fleire skular i regionen.
• Nytte læreplassgarantien til å marknadsføre skulane for å rekruttere fleire elevar/lærlingar.
• Ha andre tiltak som kan vere med å sikre ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.

Andre vilkår

• Det krev ein eigeninnsats på 10 prosent. Denne treng ikkje være i form av friske midlar, men kan komme frå til dømes arbeidstimar.
• Inntil 75 prosent av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 prosent kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap.
• Prosjektet må ha ein sluttdato innan eit år frå startdato.

Kven kan søke?

Dei sju lokale kompetanseforuma som er etablert i samarbeidsmodellen knytt til Kompetanseforum Vestland er: Kompetanseforum Nord, Samarbeidsarena Sunnhordaland, Kompetanseforum Fjordane, Hardanger/Voss, Sogn, Bergen og Vest. Søknadene til ordninga skal være forankra i dei lokale kompetanseforuma. Dei lokale kompetanseforuma vurderer kven som skal stå som lokal søkjar på vegne av regionen. Det kan berre søke om midlar til eit prosjekt per region.

Alle søknader som tilfredsstiller krava kan få tildelt 200.000 kroner. Det er mogleg å søkje om eit større beløp. Ekstra midlar vil bli tildelt om ikkje alle regionane søkjer på ordninga.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Regionalt forskingsfond Vestland

Regionalt forskingsfond (RFF) Vestland lyser ut midlar til mindre og større forskingsprosjekt. Bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i fylket kan søkje.
Fondet støttar forsking som bidrar til innovasjon og verdiskaping i Vestland.

På nettsida til RFF Vestland kan du lese meir om utlysinga og få meir detaljert informasjon om kven som søkje, krav til søknader med vidare. Andre utlysingar av midlar vil også verte publisert der.

Les meir og søk elektronisk på regionaleforskningsfond.no/vestland/

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til e-sport og gaming

Kommunar i Vestland kan no søkje fylkeskommunen om inntil 50 000 kr til oppstart eller nyutvikling av tilbod for e-sport og gaming. Søknadsfristen er 1. juli.

Vestland fylkeskommune lyser ut til saman 205 000 kr i tilskot for å følgje opp strategi for e-sport og gaming. Tilskotet kan vere starthjelp til gode lokale tilbod som kan vere modellar for andre kommunar. Tilskotet føreset kommunal eigendel.

Kommunane blir oppmoda til å sjå på høve for sambruk og fleirbruk for implementering av e-sport og gaming i arenaer for kultur og idrett. Det kan til dømes vere løysingar for bruk av ulike rom, for utlån av ressursar på tvers av både lag, hus og kommunar eller konkrete samanarbeid mellom aktørar.

Kva kan få støtte?

Tiltak i kommunane som gjeld oppstart eller nyutvikling av tilbod for e-sport og gaming kan få støtte. Tiltaka skal vere gode modellar som kan gi kunnskap og inspirasjon til andre som skal legge til rette for liknande tilbod.

Tiltaka må svare på følgjande punkt frå strategi for e-sport og gaming i Vestland:

Delmål 1. Hindre utanforskap og sikre sosial berekraft
Punkt a) Legge til rette for deltaking og inkludering.
Punkt c) Tilpasse og vidareutvikle eksisterande tilskotsordningar som verkemiddel for deltaking og oppstart av tilbod

Delmål 2. Utvikle tilbod i breidde, topp og som del av vidaregåande opplæring
Punkt a) Samarbeide med relevante aktørar for å utvikle organisert tilbod i kommunar og idrettslag

Kven kan søkje?

Kommunane i Vestland.

Søknadsfrist

1. juli 2022

Krav til søknaden

• Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.
• Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet (sjå under punktet over kva som kan få støtte) med budsjett og plan for gjennomføring.
• Med søknaden må det følgje garanti om kommunal eigenandel, kronesum minimum tilsvarande søknadssum.

Vurdering

Ei heilskapsvurdering med bakgrunn i overordna mål for ordninga, tiltakets kvalitetar, plan og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

• At det kjem tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre prosjektet, og kva mål ein vil oppnå.
• Korleis prosjektet er forankra i lokale behov, overordna planar og føringar.
• At tiltaket fører til eit utvida tilbod for publikum.

Handsaming og vedtak

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune, og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering 30. august.

Oppfølging og rapportering

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrevet. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden.

Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

• tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
• søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan to år etter svar er sendt ut

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, seinast 1. august påfølgjande år. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Tilskotsmottakar pliktar seg til å dele erfaringar frå prosjektet med andre i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Driftstilskot til kunst, kultur og idrett

Vestland fylkeskommune gir tilskot til drift av organisasjonar og institusjonar som har ein sterk og tydeleg verdi for kultur- og idrettsfeltet i heile eller store deler av Vestland fylke. Søknadsfrist for driftsstøtte i 2023 er 15. mars.

Driftstilskotet skal vere med på å sikre føreseielege driftsrammer for etablerte verksemder som har kontinuerleg aktivitet, høgt kvalitets- og kompetansenivå, langsiktige mål og betydning ut over lokale nedslagsfelt. Dei som får driftstilskot er ideelle verksemder med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv, med sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland fylke.

Tilskotsordninga gjeld driftsåret 2023, og tildelingane vert avgjort som del av den politiske budsjettprosessen for 2023.

Kven kan søke?

Aktørar innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv med hovudaktivitet i Vestland fylke kan søke. Ordninga gjeld både for verksemder i den frivillige og den profesjonelle delen av felta. Det blir forventa at søkjarane har ei stabil organisering og drift.

Verksemda skal vere ideell (ikkje-kommersiell), ha eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv. Det er ein føresetnad at verksemda har sterk regional eller nasjonal verdi, det vil seie verdi for heile eller større deler av Vestland fylke.

Kva kan ein få støtte til?

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld for verksemda som heilskap. Tilskotet er knytt til verksemda sine vedtekne føremål og planar og grunngjeve ut frå dei fylkespolitiske måla på feltet. Tilskotet skal nyttast til verksemda si daglege drift, inkludert innhaldsproduksjon og kunst-, kultur- og idrettsfaglege kjerneoppgåver.

Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg og går som hovudregel til varige føremål. I dette ligg at verksemda har ei tyding for kulturlivet i regionen, som inneber at fylkeskommunen – ut frå vedtekne kulturpolitiske mål – bør medverke økonomisk til drifta.

Driftstilskot vert likevel gitt berre for eitt år av gangen. Alle som får driftsstøtte over Vestland fylkeskommune sitt budsjett må søkje om dette kvart år, innan oppgitt frist.

Krav til søknaden

• Søknad saman med vedlegg skal sendast gjennom Vestland fylkeskommune sin elektroniske søknadsportal innan søknadsfristen. Eventuell ettersending av vedlegg skal skje snarast og seinast innan tre månadar etter søknadsfristen.
• Søknaden må tilfredsstille dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningslinjer som er fastsett av Vestland fylkeskommune. Søknader som ikkje oppfyller kriteriet for å søke, blir avvist.
• Minste søknadssum for driftstilskot er 50 000 kr.

Søknadsskjema vert opna og publisert minst ein månad før søknadsfristen og vert lukka når søknadsfrist går ut kl. 23.59.

I tillegg til søknad må det leverast godkjent årsrapport og -rekneskap for førre år. Det er eit krav for at søknaden skal verte handsama, og fylkeskommunen ønsker dette tilsendt elektronisk så snart som mogleg.

Vurdering

I tråd med kulturlova skal kommunane sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Fylkeskommunane skal ikkje overta eller erstatte kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til spesialiserte kulturtilbod i regionen. Fylkeskommunen si regionale utviklarrolle skal liggje til grunn for tilskotsforvaltinga, og fylkeskommunen skal støtte kulturverksemder med regional eller nasjonal verdi.

I vurderinga av søknader vert det vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):

• I kva grad verksemda oppfyller satsingar i dei regionale kulturplanane
• I kva grad verksemda bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket
• I kva grad verksemda har verdi for kulturlivet i større delar av fylket

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Utviklingsstipend for e-sportutøvarar

Stipendet skal medverke til at unge og lovande e-sportutøvarar får høve til å vidareutvikle seg og motivere til vidare satsing.
Utviklingsstipendet er på 40 000 kr og vart delt ut for første gong i 2021. Søknadsfristen er. 1. oktober.

Stipendet går til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport. Ein person kan berre få stipendet ein gong.

Kven kan søkje?

Utøvar sjølv, trenar eller klubb kan sende inn søknad på vegne av utøvar. Søkjaren må vere mellom 16 og 25 år og representere ein klubb eller eit organisert e-sportmiljø i Vestland fylke. Hugs å legge inn gamer-tag.

Utøvarar som har sponsoravtalar fell utanfor stipendordninga.

Kriterium ved tildeling

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga - svar utfyllande i søknadsskjema.

• prestasjonar
• potensial
• planar for vidare satsing

Vestland fylkeskommune får fagleg bistand av Vestlandet E-sport med vurdering av søknadane.

Rapportering

Den som får stipendet skal innan eit år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipendet har vore nytta.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.
Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga

• idrettsprestasjonar
• potensial
• planar for vidare satsing innan idrett
• aldersgrupper 16–25 år
• utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Vestland fylkeskommune får fagleg bistand av Olympiatoppen Vest med vurdering av søknadane. 

Kven kan søkje?

Utøvar, trenar eller særkrets kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema. Søkjaren må representere ein klubb i Vestland fylke.

Rapportering

Mottakarane av stipenda skal innan påfølgjande år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipenda har vore nytta.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Kulturelt utviklingsprogram

Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet. Søknadsfristen er 1. september.

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit viktig verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland. Gjennom programmet støttar vi nyskapande og målretta utviklingsprosjekt, som er initierte av kulturlivet sjølv.

Det er sett av 7 200 000 kroner til ordninga i 2022.

Kven kan søkje?

Offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar kan søkje støtte frå KUP. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkje.

Primæraktivitetane til søkjarane skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må medverke til utvikling i fylket.

Kva prosjekt og satsingar kan få støtte?

Søknaden må vere innretta mot minst eitt programområde. Les meir om kva programområde som er fastsette på vestlandfylke.no.

Kultur

KUP kan støtte nye, større regionale satsingar i kulturlivet i Vestland, blant dette nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv. Søknadene skal gjelde 1–3-årige prosjekt og vere innan virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling.

Idrett og friluftsliv

Det er også høve om å søkje støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan kvart år løyvast til tiltak på desse to felta.

Kva får ikkje støtte?

Vi støttar ikkje ordinær drift og investeringar gjennom KUP.

Søknadsfrist

1. september 2022.

Retningslinjer

Du kan lese meir om blant anna vurdering, rapportering, saksbehandling, klagerett og omgrepet regional verdi i retninglinjene for Kulturelt utviklingsprogram. Desse finn du på vestlandfylke.no

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Arrangementstilskot

Vi har tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap. Les meir og søk innan 15. februar 2023.

Idrettslag og særforbund kan søkje tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet.

Kven kan søkje?

• Organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund, Norges Bilsportsforbund og Det Frivillige Skyttervesen. Andre organisasjonar blir vurdert særskilt.
• Idrettslag med adresse i Vestland.

Kva kan støttast?

• Det kan søkjast om generell meisterskapsstøtte.
• Ordninga gjeld for større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap (ikkje Norgescup).
• Meisterskap som er likestilt med nasjonale meisterskap som til dømes landsskyttarstevne kan også søke om tilskot.
• Det same meisterskapet kan støttast frå denne ordninga i tre år. Etter det kan det ev. søkjast om driftstilskot til arrangementet.

Vurdering av søknad

Kriterium som skal omtalast i søknaden:

• Tal og geografisk spreiing på deltakarar
• Rekruttering og opplæring av frivillige
• Budsjett med detaljar om påmeldingsavgift
• Krav om kommunal medverknad
• Medie- og marknadsføringsstrategi for arrangementet
• Nasjonal mediedekning
• Tyding for lokalsamfunnet i høve til lokalt næringsliv og andre samarbeidspartar
• Arrangør har ein klår og tydeleg miljøprofil (grøne arrangement)
• Vestland fylkeskommune har rett til å gjere eigne vurderingar knytt til regionale føringar og styringsdokument

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til inkludering og mangfald

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til brei samfunnsdeltaking og å bygge ned hinder som stengjer for dette. Ordninga skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.

Gjennom ordninga skal vi også fremme kunnskap om og respekt for ulike kulturar, demokrati og menneskerettar. Tilskotsordninga skal bidra til å bygge opp under fylkeskommunen sine mål og arbeid på området inkludering og mangfald.

Fristen for å søkje tilskot er 1. mars 2022. Målet er å gjere vedtak om tildeling i hovudutval for kultur, idrett og integrering i april 2022.

Vestland fylkeskommune har 880 000 kr til ordninga i 2022. I 2021 fekk åtte ulike prosjekt tildelt mellom 50 000 og 281 000 kr.

Kven kan søkje?

• Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging
• Institusjonar som arbeider innan inkludering og mangfald på regionalt nivå, og som har heile eller store deler av Vestland fylke som sitt arbeidsområde

Enkeltpersonar eller politiske organisasjonar kan ikkje søkje om tilskot frå ordninga.

Kva kan du få støtte til?

Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging og institusjonar kan få støtte til arbeid med inkludering og mangfald.

Kor mykje kan du søkje om?

Det er ikkje avgrensingar på søknadssum. Det fylkeskommunale tilskotet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av totalkostnadane.

Krav til søknaden

Det er utarbeidd eige elektronisk søknadsskjema som skal nyttast for ordninga. Søkjar må gi opp kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer.

Søknaden må innehalde ei skildring av kva det vert søkt støtte til og meir utfyllande prosjektomtale som vedlegg. Eventuelle samarbeidspartar må synleggjerast. Naudsynte vedlegg slik som arbeidsplan og budsjett må følgje søknaden, eller ettersendast dersom dei ikkje er klare på søknadstidspunktet (t.d. årsmelding og rekneskap).

Vurdering

Søkjar må vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt). Det vert lagt vekt på at søkjar skildrar og dokumenterer aktiviteten sin innan inkludering og mangfald ved å vise til korleis dei arbeider for å

• bygge ned stengsel for aktiv samfunnsdeltaking
• motivere til aktiv samfunnsdeltaking og motverkar utanforskap
• stimulere til mangfald i tilbod og aktivitetar
• fremje kunnskap og respekt for ulike typar kulturar, demokrati og menneskerettar

Fylkeskommunen legg FN sine berekraftsmål til grunn i sitt planarbeid. Berekraftsmåla skal bidra til ein balanse mellom økonomisk utvikling, sosial utvikling og naturmiljøet si toleevne. Tilskotsordninga skal vere med og hjelpe fram frivillig sektor sin innsats til ei berekraftig regional utvikling.

Vilkår

Frivillige organisasjonar som mottek tilskot frå fylkeskommunen skal ha ein heilårleg aktivitet, og eit langsiktig perspektiv for sitt arbeid.

Sist godkjende årsmelding og rekneskap og vedteke arbeidsplan/budsjett for kommande år må følgje søknaden.

Fylkeskommunen kan setje vilkår for bruken av tildelte midlar.

Tilskot frå denne ordninga vert ikkje gitt til organisasjonar/tiltak som naturleg høyrer heime under andre fylkeskommunale tilskotsordningar (t.d. ordningar innan idrett og friluftsliv, kunst, kultur).

Fylkeskommunen kan krevje tilbakebetalt tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Erasmus+ vaksenopplæring

Via fylkeskommunen kan skular, kommunar og andre organisasjonar som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell) søke om midlar til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.

Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og kan sende ein felles Erasmus+-søknad på vegne av eit konsortium, dvs. vaksenopplæringssektoren i Vestland. Deltakarar i konsortiet kan søke om midlar via fylkeskommunen gjennom heile programperioden 2021–27.

Kven kan søke?

• kommunar og vidaregåande skular
• tilsette i vaksenopplæring (formell og ikkje-formell)
• flyktningtenesta
• studieforbund
• frivillige organisasjonar
• karriererettleiing og etablerarteneste
• andre som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell)

Målgruppe

Tilsette i formell og ikkje-formell vaksenopplæring

Kva kan de få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:

• Hospitering/reiser til europeisk samarbeidsorganisasjon
• Delta på kurs eller konferansar i Europa
• Invitere ekspert til Noreg

Prioriterte tema

• inkludering
• integrering av flyktningar
• tilbod til vaksne med grunnskule som høgaste fullførte utdanning
• vaksne med behov for opplæring i norsk
• vaksne som treng påfyll innanfor grunnleggande ferdigheiter, herunder digital kompetanse, kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden og mangfaldsleiing

Land de kan reise til

Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet.  

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema på vestlandfylke.no. Hugs vedlegg.

Vedlegg som må følge med søknaden

Signaturskjema ADU - Vaksenopplæring. Dette finn du på vestlandfylke.no.

Søknadsfrist

10. februar 2022

Gjennomføring av prosjektaktivitetar

1. juni 2022–31. august 2023

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til drift av miljøorganisasjonar

Det er no mogleg å søkje om tilskot til drift av miljøorganisasjonar. Formålet med tilskotsordninga er å fremje lokalt engasjement for miljø, klima og natur i fylket. Tilskotet skal gå til driftsstønad.

Kven kan søkje

Miljøorganisasjonar med fylkes- eller lokallag i Vestland som jobbar med klima og/eller miljø.

Drift av private verksemder kjem ikkje inn under kriteria for tilskotsordninga.

Økonomisk ramme

Total ramme for denne tilskotsordninga er 500 000 kr. Det blir gitt maksimalt tilskot på 200 000 kr for kvar søknad. 

Søknadsfrist

9. mai 2022

Korleis søke

Digitalt søknadsskjema blir tilgjengeleg innan 14. mars.

Vilkår for tildeling

For å få tilskot, må organisasjonen dokumentere at han arbeider med konkrete prosjekt og haldningsskapande tiltak for klima og miljø.

Organisasjonar som fekk driftstilskot i 2021, må rapportere innan rapporteringsfristen for å få ny søknad for 2022 handsama.

Vurderingskriterium

Søknadar i tråd med vilkåra vil bli handsama etter følgjande vurdering og vekting:

• planlagt aktivitet eller tiltak i heile fylket: 40 prosent
• medlemsmasse i fylket: 25 prosent
• er arbeidet handlingsskapande: 35 prosent

Vurderingskriterium for fastsetting av støttebeløp

Søknadar som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta stønad.

Les meir på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturelt utviklingsprogram

Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet. Søknadsfristen er 1. september.

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit viktig verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland. Gjennom programmet støttar vi nyskapande og målretta utviklingsprosjekt, som er initierte av kulturlivet sjølv.

Det er sett av 7 200 000 kroner til ordninga i 2022.

Kven kan søkje?

Offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar kan søkje støtte frå KUP. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkje.

Primæraktivitetane til søkjarane skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må medverke til utvikling i fylket.

Kva prosjekt og satsingar kan få støtte?

Søknaden må vere innretta mot minst eitt programområde. Les meir om kva programområde som er fastsette under.

Kultur
KUP kan støtte nye, større regionale satsingar i kulturlivet i Vestland, blant dette nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv. Søknadene skal gjelde 1–3-årige prosjekt og vere innan virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling.

Idrett og friluftsliv
Det er også høve om å søkje støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan kvart år løyvast til tiltak på desse to felta.

Kva får ikkje støtte?

Vi støttar ikkje ordinær drift og investeringar gjennom KUP.

Søknadsfrist

1. september 2022. Sjå vestlandfylke.no for frist neste år.

Retningslinjer

Du kan lese meir om blant anna vurdering, rapportering, saksbehandling, klagerett og omgrepet regional verdi i retninglinjene for Kulturelt utviklingsprogram. Desse finn du på vestlandfylke.no

Programområde

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fastsett desse to programområda for KUP:

• formidling og deltaking
• samordning og samhandling

A. Formidling og deltaking
Det handlar om å nå nye målgrupper, noko som er både eit sosialt ansvar og eit samfunnsansvar. Nye typar kulturbrukarar og nye deltakarar i kulturlivet er nødvendig for å utvikle kunsten og kulturen i seg sjølv.

Dette programområdet skal særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som

• prøver ut nye former for formidling
• prøver ut metodar og tiltak for auka deltaking og publikumsutvikling
• styrker mangfaldet i aktivitet og deltaking for grupper som treng særskild tilrettelegging
• styrker arbeidet med ungdom som publikum, deltakarar og kulturbrukarar

B: Samordning og samhandling
Betre samordning og større samhandling er ein god veg å gå for å vidareutvikle kunst- og kulturlivet i fylket. Kompetansebygging og -deling er ein viktig del av dette, og det kan vere på ulike nivå, med ulike metodar og innan ulike fag, kulturfelt og kunstartar.

Vi kan gjennom samordning og samhandling vere med og bygge ein betre infrastruktur for kunst- og kulturlivet i fylket. Det vil styrke både skapar- og formidlardelen.

Dette programområdet skal særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som

• utviklar tenlege plattformar og arenaer for dialog, nettverk, samarbeid og kompetanse
• utviklar møteplassar og samarbeidsmodellar der frivillige organisasjonar kan auke kompetansen, utvikle nettverk og samarbeide med offentleg og profesjonell sektor
• legg til rette for samarbeid, synergieffektar og kompetanseoverføring mellom kommunar, frivillige organisasjonar, etablerte institusjonar og det frie profesjonelle feltet
• styrker kunst- og kulturtilbodet og arrangørkompetansen i fylket ved kompetanseutveksling og samarbeid mellom større kulturaktørar og mindre miljø
• utviklar pilotprosjekt som er tverrfaglege og som fremjar fellesproblemstillingar som knyt saman idretts- og kulturlivet
• utforskar nye samarbeid og samspelformer mellom ulike kunstartar og kulturformer

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke. Tilskot skal gå til prosjekt og tiltak  med kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål. Prosjektet/tiltaket må ha verdi for heile eller større delar av fylket. Vi prioriterer prosjekt/tiltak som er inkluderande og utadretta, og gjev mellom anna ikkje støtte til produksjonsfasen av kunst.

Den enkelte løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kroner, og det vert vanlegvis fordelt kring 1,5 mill. kr pr. søknadsrunde.

Fullstendige retningsliner for ordninga finn du på vestlandfylke.no

Søknadsfristar 

Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september. 

Kriterium for å få støtte

Tiltaket du søkjer om støtte til, må oppfylle alle desse tre absolutte kriteria for å kunne få støtte:  

• Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga. 
• Tiltaket skal stette ei eller fleire satsingar i regional plan for kultur. 
• Tiltaket skal ha regional kulturverdi.

Det regionale ansvaret gjeld kulturoppgåver og kunst som har verdi for heile eller større delar av fylket. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for regional infrastruktur og utvikling av dette. Prosjekt og tiltak må bli vurderte til å ha regional verdi og/eller nedslagsfelt for å få støtte.  

Tilskotsmidlane kan gje høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, t.d. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.  

Vi gjev ikkje støtte til

• Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument
• Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar  
• Produksjonsfasen av kunst, det vere seg innan visuell kunst, musikk, scenekunst eller skjønnlitteratur
• Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l. 

Vurdering

Søknaden blir vurdert ut i frå følgjande kriterium:  

a) Utvikling av kulturlivet i fylket

b) Samarbeid og nettverk

c) I kva grad tiltaket eller prosjektet erretta utover, inkluderande og ope

d) Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad

e) Tidlegare vist gjennomføringsevne av kulturtiltak/prosjekt

f) Støtte og forankring kommunalt og ev. nasjonalt 

Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men jo sterkare og jo fleire av desse som vert oppfylte, dess meir relevant er søknaden for ordninga.  

Barn og ungdom har spesiell merksemd, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.  

Det vert i den samla vurderinga teke omsyn til å fordele ut frå geografi og sjanger. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for å bidra til mangfald og breidde i kulturlivet i heile fylket. Det er såleis særleg viktig å støtte opp under kunst og smalare kulturuttrykk også i distrikta.  

Det vert ikkje gitt støtte til produksjonsfasen av kunst i denne ordninga. Dette gjeld alle kunstartar: visuell kunst, musikk, scenekunst, skjønnlitteratur. Tildelingar gjennom denne ordninga skal går til prosjekt og tiltak med tydeleg regional verdi. Det kan vere vanskeleg å vurdere denne verdien i ein tidleg fase av ein produksjon. Vurdering av kunstproduksjon vil også krevje ein annan type sakshandsaming enn det er lagt opp til i ordninga. Det er mellom anna ikkje tenleg med tildeling av tilskot  til kunstproduksjon gjennom politiske vedtak.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

Ordninga skal stimulere til aktivitet og eit mangfaldig kulturliv og gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet. Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklar. Prosjekt som får støtte, må difor ha regional verdi og/eller nedslagsfelt.  

Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv, og stimulere til nettverk og samarbeid. Barn og ungdom har spesiell merksemd, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet. 

Meir informasjon i retningslinjene. Desse finn du på vestlandfylke.no

Tilskotssummar og andre tilskotsordningar 

Løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kr. Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssummen, får søknaden avslag. For større prosjekt kan det vere aktuelt å søkje om støtte frå Kulturelt utviklingsprogram.   

Aktørar frå det profesjonelle kunst- og kulturlivet søkjer på ordninga tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur.  

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet i Vestland fylke og prosjektet eller tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål.  

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan eventuelt søkje tilskot på vegne av ei gruppe.

Søknadsfristar

Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september.


Vurdering

Søknaden blir vurdert ut i frå følgjande kriterium: 

• Utvikling av kulturlivet i fylket, t.d. ha verdi som pilotprosjekt og bidra til større breidde 
• Dokumentasjon av kulturhistorie 
• Samarbeid og nettverk  
• At tiltaket eller prosjektet er utadretta og ope  
• Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad
• Tidlegare vist gjennomføringsevne av kulturtiltak/prosjekt 
• Støtte og forankring i heimkommunar og evt. nasjonalt 

Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men jo sterkare og jo fleire av desse som vert oppfylte, dess meir relevant vil søknaden vere for ordninga. Det er mogleg å søkje midlar til årvisse/faste tiltak. Søkjar må då vere merksam på at søknadene kvart år vert vurdert på nytt opp imot samla søkjarmasse.

Kriterium for å få støtte

Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og/eller nedslagsfelt. Det vert såleis ikkje gitt tilskot til tiltak i ein kommune – noko som i følgje kulturlova er eit kommunalt ansvar. 

Tiltaket det blir søkt om må oppfylle tre absolutte kriterium for å kunne få støtte: 

• Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.  
• Tiltaket skal stette ein eller fleire satsingar i regional plan for kultur.  
• Tiltaket skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi.  

Vi gir ikkje støtte til

• Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument
• Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar  
• Innspeling og utgjeving av litteratur, film og musikk. (Unntak kan vere dokumentasjon med kulturhistorisk verdi). 
• Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Kunstnarstipend

Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til utvikling, fordjupning eller fagleg påfyll. Søk innan 1. juni. Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr.

Sjå vestlandfylke.no for frist for neste år.

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til  utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:  

• visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)  
• musikk  
• scenekunst (inkl. dans)  
• litteratur og film  

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. 

Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l.

Søknadsfrist

1. juni 2022

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt verke i Vestland fylke. Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse. 

Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning/i ein grunnutdanningsfase.  

Stipendet kan berre søkjast av enkeltpersonar. 

Om du tidlegare har fått stipend frå Sogn og Fjordane, Hordaland eller Vestland fylkeskommune, skal det gå minst tre år før du kan vurderast for eventuelt nytt stipend.

Krav til søknaden

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det er ikkje krav om budsjett i søknaden. Det kan visast til relevante nettlenker og leggast ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Det kan lastast opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant. 

Vurdering

• Det skal leggast vekt på den kunstnarlege aktiviteten, kvaliteten og utviklinga til kandidaten
• Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv,  og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til kunstnarleg utvikling/fordjuping/fagleg påfyll.   
• Det er eit mål at nokre av stipenda vert tildelt kunstnarar i etableringsfasen. 
• Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide som  kunstnar i alle delar av fylket.  
• Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre. 

Vilkår for tilskot

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår.

Oppfølging og rapportering

Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månadar etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Folkemusikkstipend

Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut til saman 110 000 kr i folkemusikkstipend. Dette skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Søknadsfristen er 1. juni.

Gå til vestlandfylke.no for frist for neste år.


Vi lyser ut

• folkemusikkstipend – eitt stipend á 60 000 kr
• Folkemusikk Ung – to stipend á 25 000 kr til søkjarar under 30 år

Folkemusikkstipenda skal gje høve til kunstnarleg utvikling og eksperimentering. Ordninga skal styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv.

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån.

Det vert ikkje gitt støtte direkte til utstyr og instrument. 

Søknadsfrist

1. juni 2022

Kven kan søkje

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og dei som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. 

I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå.

Søkjarar må vere busette i Vestland, og stipenda kan berre søkjast av enkeltpersonar (ikkje grupper).

Krav til søknad

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det er ikkje krav om budsjett i søknaden.

Du kan vise til relevante nettlenker og leggje ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Du kan laste opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant.

Vurdering

• Det blir gjort ei skjønsmessig vurdering av aktivitet og kvalitet.
• Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv, og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til utvikling/fordjuping/ fagleg påfyll.
• To av stipenda skal tildelast søkjarar under 30 år.
• Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide med immateriell og handlingsboren kulturarv i alle deler av fylket.
• Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre.

Vilkår for tilskot

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til regionale ungdomsparti

Tilskot til regionale partipolitiske ungdomsorganisasjonar skal styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland og slik bidra til auka politisk deltaking blant unge i fylket.

Ordninga skal stimulere organisasjonane som arena for deltaking, engasjement og ansvar.

Slik vil fylkeskommunen fremje medverknad, inkludering, samfunnsinnsikt, ytringsfridom og demokrati.

Kven får tilskot

Støtteordninga er meint for dei regionale ungdomspolitiske organisasjonane der moderpartiet har eitt eller fleire medlemmer i Vestland fylkesting

Krav til søkjar

• Søkjar skal ha organisasjonsnummer og vere registrert i Brønnøysundregisteret
• Moderpartiet skal vere representert i Vestland fylkesting

Følgjande dokumentasjon må liggje ved søknaden:

• Organisasjonen sitt organisasjonsnummer
• Årsmøtereferat
• Årsrapport frå året før søknadsåret
• Godkjent rekneskap frå året før søknadsåret

Søknadsfrist

2. mai 2022. Sjå vestlandfylke.no for neste års frist.

Fordeling av midlar

Dei organisasjonane som sender inn søknad innan fristen og stettar krava, skal tildelast eit grunnbeløp på 20 000 kr.

Det resterande beløpet blir fordelt mellom ungdomsparti/organisasjonar etter følgjande formel:

Moderpartiet sitt valresultat/summen av prosent på dei organisasjonen som stettar krava x (avsett sum til føremålet-samla sum av grunnbeløpa som vert utbetalt)

Tildeling

Fylkesdirektøren får fullmakt til å fordele tilgjengelege midlar ved administrativt vedtak i samsvar med desse retningslinjene.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til vaksenopplæring

Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til vaksenopplæring gjennom dei regionale studieforbunda i Vestland. Søknadsfristen er 5. mai. Ordninga skal stimulere til opplæringsverksemd gjennom dei regionale/fylkesvise studieforbunda og i medlemsorganisasjonane som er tilslutta studieforbunda.  

Kven kan søke?  

Studieforbunda sine regionale ledd i Vestland fylke kan søkje om støtte gjennom ordninga. Det regionale leddet må vere tilslutta eit godkjent studieforbund på nasjonalt nivå for å kunne søkje om støtte, jf. lov om vaksenopplæring. 

Det regionale leddet til studieforbundet må ha gjennomført minst registrerte 500 studietimar to år i førevegen for å kunne søkje om tilskot.  

Søknadsfrist  

Søknadsfristen i 2022 er 5. mai. Sjå vestlandfylke.no for neste års frist.

Utrekning av tilskot

Tilskotet er todelt gjennom eit grunntilskot på 5000 kr og eit aktivitetstilskot basert på registrerte studietimar. Fylkeskommunen legg studietimar registrert i Statistisk sentralbyrå (SSB) to år i førevegen til grunn for utrekninga av tilskot.

Søknad, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema via nettsidene til Vestland fylkeskommune. Søkjar skal leggje ved budsjett for inneverande år og årsmøtegodkjent årsmelding og rekneskap for føregåande år saman med søknaden.  

Oppfølging og rapportering

Tilskotet skal gå til studieforbundet si drift og verksemd i tilskotsåret. Mottakaren rapporterer for dei tildelte midlane saman med søknad ved å legge ved godkjent årsmelding og årsrekneskap for førre år. Godkjent årsmelding og årsrekneskap er å sjå som rapport for bruken av tildelte midlar.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Satsinga skal fremje handverksfagleg utvikling knytt til tradert kunnskap i Vestland fylke. Stipendet er på 50 000 kr. Søk innan 1. mai.

Vestland fylkeskommune ønskjer å auke kompetansen på restaureringshandverk og å ta vare på immateriell kulturarv. Det vil vi gjere ved dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar, med vekt på dei som er knytte til vestnorsk byggeskikk og maritim kulturarv.

Stipendet skal skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i det å ta vare på kulturminne og vidareføre immateriell kulturarv til framtidas generasjonar.

Stipendet er på 50 000 kr. 

Desse kan søke

Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har sitt virke i Vestland fylke. Stipenda kan gå til

• tradisjonshandverkarar

dei som arbeider med:

• verktøymaking knytt til eldre handverksteknikkar
• dokumentasjon og formidling av immateriell kulturarv
• kortreist materialproduksjon

Det er krav om fullført vidaregåande opplæring med anten fagbrev/sveinebrev eller minst fem års relevant arbeidserfaring.

Søknadsfrist

1. mai 2022. Sjå vestlandfylke.no for neste års frist.

Slik søkjer du

Du søkjer på eige, elektronisk søknadsskjema, som blir lagt ut på vestlandfylke.no når det er klart.

Du må oppgje kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer/personnummer.

Søknaden må vere signert av ansvarleg søkjar.

Dersom søknaden er mangelfull, kan du få høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist. For å få stipend er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Fullstendige retningslinjer finn du til høgre på vestlandfylke.no.

Fagleg vurdering

Ein fagkomité skal vurdere søknadane. Stipendkomiteen er rådgjevande og skal vurdere og innstille ein søkjar til å få stipend. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn den nominerte kandidaten.

Basert på arbeidet i komiteen skal avdeling for kultur, idrett og inkludering ta den siste, heilskaplege vurderinga og legge fram innstilling til hovudutval for kultur, idrett og integrering, som gjer endeleg vedtak i saka.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Praksisopphald og kompetanseutvikling i bibliotek

Vi nyttar EU-programmet Erasmus+ (2021-2027) Mobilitet i vaksenopplæringa til å gi bibliotektilsette i Vestland høve til å lære meir, gjennom reiser i Europa.
Folkebiblioteka kan kvart år søkje om å bli partnar i fylkeskommunen sitt konsortium for å delta i internasjonale mobilitetsprosjekt. Alle tilsette i biblioteka som er knytt til konsortiet kan delta i aktivitetane. 

Midlane i Erasmus-programmet bidreg med støtte til reise, kost og losji, samt ev. kursavgifter i samband med mobilitetsaktivitetane.

Kven kan søkje?

Folkebiblioteka i Vestland.

Kva kan du få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift i samband med aktivitetar som:

• Jobbskygging (hospitering)
• Kurs eller konferansar
• Invitere ekspertar til Noreg

Land de kan reise til

Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet. NB! Storbritannia deltar ikkje i Erasmus+.

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med på fellessøknaden sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema du finn på vestlandfylke.no. Hugs å legge ved signaturskjema.

I den årlege søknaden må konsortiepartnarane knytte seg til målsettingane i koordinator sin Erasmus-plan, ha eit eige OID (organisasjons-ID - sjå video korleis opprette på vestlandfylke.no) og underteikne eit mandat. 

Søknadsfrist

15. februar 2022. Sjå vestlandfylke.no for neste års søknadsfrist.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka

Fylkeskommunen lyser ut midlar til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka. Tilskotsordninga skal stimulere biblioteka til å prøve utviklingsprosjekt og tiltak som gir eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta. Terskelen for å søke skal vere låg og ordninga gjev rom for å støtte mindre prosjekt. Det kan også søkjast om støtte til kompetanseheving.
Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at dei kommunale biblioteka kan drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt, og til at dei kan gi innbyggjarane betre tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar.

Bakgrunn

Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Å arbeide med prosjekt er ein viktig måte å skape endring, utvikling og kompetanseheving i biblioteka.

Fylkeskommunen ønskjer å gi folkebiblioteka økonomisk støtte til å eksperimentere og prøve ut nye tiltak gjennom kreative idear. Store endringar i sektoren krev bibliotektilsette med oppdatert og ny kunnskap.

Kven kan søkje

Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke. Ved interkommunalt samarbeid, må éin kommune vere ansvarleg søkjar.

Stønadsbeløp

Tiltak vert støtta med inntil kr. 50 000. Det er ikkje krav om kommunal eigendel.

Satsingsområde

Det blir gjeve støtte til prosjekt og tiltak innanfor desse satsingsområda:

• debatt og samtale i biblioteket
• aktiv formidling på ulike plattformer og arenaer
• inkludering
• fremjing av nynorsk språk og litteratur
• auka digital kompetanse i befolkninga
• samarbeid med andre bibliotek, barnehagar, skular, frivillige lag og organisasjonar

Det blir gjeve støtte til:

• studiepoenggivande etter- og vidareutdanning
• organisering av kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket

Tiltaket skal vere nytt i det aktuelle biblioteket. Det kan søkast om støtte til personalkostnader og kompetanseheving til gjennomføring av prosjekt. Innkjøp av utstyr vil berre bli støtta i den grad det er vesentleg for gjennomføring av tiltaket. Det vert ikkje gitt støtte til tiltak som bør vere del av vanleg drift.

Krav til søknaden

• Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema. Dette finn du på vestlandfylke.no
• Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet med budsjett og plan for gjennomføring.

Søknadsfrist

1. mai 2022. Elektronisk søknadsskjema og neste års frist finn du på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Hospitering og yrkesfaglærar 2

Skular og lærebedrifter kan søkje om midlar for å fornye og utvikle kompetanse innan eige fagområde, styrke kompetanse rundt opplæringsrolla og utvikle samarbeidet mellom skule og bedrift.
Ordningane er ein del av den statlege satsinga på kompetanseutvikling innan yrkesfag.

Mål for tilskotsordningane

• Styrke kompetanse i skular og lærebedrifter ut frå lokale behov
• Styrke samarbeid mellom skule og arbeidsliv
• Utvikle kompetanse og bygge nettverk mellom skule og arbeidsliv
• Sjå yrkesopplæringa i eit 4-årig løp

To ordningar

Det er mogeleg å søkje tilskot til to ordningar:

Hospitering i skule eller bedrift, og Yrkesfaglærar 2.

Hospitering i skule/bedrift:

Kven kan få tilskot og korleis gå fram

Dei som kan søkje tilskot er instruktørarar/faglege leiarar i bedrifter og yrkesfaglærarar i private og fylkeskommunale vidaregåande skular.

Bedrifter:
Instruktørarar/faglege leiarar kan få tilskot til å hospitere på ein vidaregåande skule, og få nyttig innblikk i korleis elevane jobbar i skulen etter læreplanar i fagfornyinga. Bruk søknadsskjema du finn på vestlandfylke.no.

Private vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram:
Yrkesfaglærarar kan få tilskot til å hospitere i ei bedrift for å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Bruk søknadsskjema du finn på vestlandfylke.no.

Fylkeskommunale vidaregåande skular:
Yrkesfaglærarar i vidaregåande skule kan få tilskot til å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Dei fylkeskommunale skulane får tildelt hospiteringskvotar og skal ikkje søkje her.

Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist.

Krav til hospitering
• Hospiteringa må vere på minimum 5 dagar, og tilskotet er kr. 3 500,- per dag (maksimum 10 dagar).
• Hospiteringa er forankra i leiinga i skule/bedrift - leiar sender eventuell søknad.
• Det må ligge føre avtale mellom skule og bedrift med plan for hospiteringa.
• Alle som hospiterer må sende inn rapport på hospiteringa og bruke rapporteringsskjema (på høgre side).

Yrkesfaglærar 2:

Ordninga «Yrkesfaglærar 2», gjer det mogleg for skular å søke midlar til å hente fagkompetanse frå arbeidslivet inn i skulen.

Målet med ordninga er å få fagpersonar frå arbeids- og næringsliv direkte involvert i yrkesfagleg opplæring. Dette vil styrke relevansen i yrkesopplæringa, auke motivasjonen til elevane, og bidra til relasjonsbygging mellom skule og arbeidsliv.

Fagpersonane må vere frå lokalt eller regionalt næringsliv, og ha kompetanse som er relevant for utdanningsprogrammet. Opplæringa kan finne stad i skule eller bedrift.

Midlane skal brukast til å honorere bedrift/fagperson som gir opplæring, og for å dekke utgifter knytt til transport av elevar ut i bedrift.

Krav til søknad

• Skulen sender inn søknad om tilskot. Søknadsskjema finn du på vestlandfylke.no
• Det må ligge føre avtale mellom skule og bedrift
• Det må ligge føre plan for opplæringa som er kopla til læreplan

Søknadsfrist

Fristen for å søkje er 1.oktober. Sjå vestlandfylke.no for neste års frist.

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til fagskular

Tilskot til fagskular skal komme studentane til gode og skal dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i Vestland.

Kven kan søkje?

Alle fagskular i Vestland kan søkje om tilskot for høgre yrkesfaglege utdanningar som er godkjente av NOKUT, og som har godkjent studiestad i Vestland fylke.

Tilskotet til fagskulane skal komme studentane til gode og skal dekke driftskostnadar i utdanningstilboda.

Fristen for å søkje om tilskot frå Vestland fylkeskommune er 15. desember 2022. Sjå vestlandfylke.no for neste års frist.

Tilskotsordninga

Retningsliner for tildeling av tilskot:

• Tilskotsordninga er basert på ei rammefinansiering av det einskilde studietilbodet. Tilskotet skal gje fagskulane eit driftsgrunnlag og ein stabil tilbodsstruktur
• Ordninga er basert på satsar for
- stadbaserte tilbod, eventuelt samlingsbaserte tilbod med nettstøtte
- for reine nettbaserte tilbod
• Tilskotet har like satsar for like tilbod uavhengig om fagskulen er offentleg eller privat
• Tilskotet vert fordelt i forholdet 80/20 som grunntilskot og resultatbasert tilskot. Du kan lese meir om ordninga på vestlandfylke.no
• Alle fagskular skal rapportera til DBH Fagskolestatistikk

Mål og kriterium for ordninga

Driftstilskotet til fagskular skal stimulere til god kvalitet og gjennomføring av høgare yrkesfagleg utdanning. Tilskotet skal samstundes bidra til å dekke kompetansebehova i Vestland fylke og elles i eit nasjonalt perspektiv.

Kunnskapsdepartementet har fastsett fire mål for driftstilskotet til fagskular, jf. Prop. 1 S (2018-2019).

• Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
Utdanningane skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for fagskulestudentane.

• Ei yrkesretta utdanning
Fagskulane skal utdanne kandidatar som kan gå rett inn i yrkeslivet, med den praktiske og teoretiske kunnskapen som det er behov for i det einskilde yrket. Det er derfor viktig å vurdere kor relevante utdanningane er for arbeidslivet.

• God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning
Fagskulane skal bli ein større og viktigare del av det norske utdanningssystemet, og ein større del av studentane skal velja høgare yrkesfagleg utdanning.

• Ein effektiv og solid fagskulesektor
Fagmiljøa skal ha tilstrekkeleg fagleg styrke, kvalitet og soliditet. Robuste miljø handlar også om administrativ kapasitet og kompetanse. Jf Kunnskapsdepartementets retningsliner for tilskot til drift av fagskular / Diku

Kriteria for tildeling av tilskot til studietilbod frå fagskulane i Vestland fylkeskommune 2021

I arbeidet med tildeling av tilskot vil fylkeskommunen særskilt legga vekt på:

• Studietilbod som svarar på etterspurnaden etter høgre yrkesfagleg kompetanse i fylket
• Studietilbod som er tilpassa det å vere i jobb under studia
• Studietilbod med gruppestorleik minimum 15 studentar. Studietilbod med lågare deltaking vert vurdert i høve til respektive fag og etterspurnaden etter dette
• Gjennomføring, dvs tal studentar som gjennomfører studiet

Satsar

Satsane i tilskotsordninga blir prisjustert i tråd med prisutviklinga i kommunal sektor (kommunal deflator), som blir lagt fram i statsbudsjettet for 2023.

Satsane følgjer ein norm tilrådd av det fylkeskommunale samarbeidet om høgre yrkesfagleg utdanning. Fylkeskommunen kan elles vurdere satsen individuelt for dei einskilde studietilboda.

Fylkeskommunen skal sjå til at alle studieløp som det til ei kvar tid blir gitt tilskot for, kan vidareførast innan fylkeskommunen si budsjettramme for aktiviteten.

Mer informasjon, neste års frist og elektronisk søknadsskjema finn du på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
BIO-midlar til ekstraordinære opplæringstiltak

Bedriftsintern opplæring (BIO) skal gå til kompetanseheving av tilsette slik at bedrifta skal klare nødvendig omstilling - enten i form av opplæringstiltak som skal fremme grøn omstilling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.

Døme på opplæringstiltak

• Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande, digitalisering). 
• Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 
• Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

• Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.

• Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta. 

• Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 

Hovudkrav til søknad:

• At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling eller utvikling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.
• At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.  
• At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild. 
• At tilskotet per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild. 

Fylkeskommunen vil også vurdere:

• At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål.
• At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025


Tilskotet kan dekke fylgjande kostnader:

• Kurshaldar/kursavgift 
• Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
• Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
• Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

Søknadsfrist

Søknadsfrist 20. mai. Neste års frist finn du på vestlandfylke.no

Mer informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Gjennomføringsmidlar til lærebedrift

Vi ønskjer å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Lærebedrifter kan difor søkje tilskot for kandidatar. Midlane skal gi lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning.

Gjennomføringsmidlane erstattar tidlegare ekstraordinære tilskot frå Utdanningsdirektoratet som frå 1.januar 2020 ligg i ramma til fylkeskommunen.

Kriterium for tildeling:

• Det skal ha vore gjennomført formalisert dialog med rettleiingstenesta.
• Tilskotet skal nyttast til ekstra personalressurs for å sikre gjennomføring for lærlingar/lærekandidatar som har behov for tiltak for å nå læreplanmåla.
• Bedrifta skal ha ein plan for heile læreløpet. Planen skal innehalde konkrete oppfølgingstiltak og informasjon om kvifor lærlingen/lærekandidaten har behov for ekstra tilrettelegging.
• Bedrifta kan søke midlar for lærlingen/lærekandidaten ut året dei fyller 24 år. 
• Lærebedrifta skal rapportere til fylkeskommunen innan tre månader etter søknadsperioden er gått ut.

To typar gjennomføringsmidlar

Det er to typar gjennomføringsmidlar bedrifta kan søkje på:

Langvarige tiltak med søknadsfrist 1. juni og 1 november
Lærebedriftene kan få inntil 75 000 kr per lærling/lærekandidat i gjennomføringsmidlar. Søknaden gjeld for maksimalt eitt år om gangen, inntil 47 veker.

Kortvarige tiltak utan søknadsfrist
Lærebedriftene kan få inntil 50 000 kr i ekstra tilskot for kvar søkar til læreplass som er vanskeleg å formidle på grunn av vesentlege tilretteleggingsbehov (utprøving i bedrifta, inntil 3 mnd.).

Dette gjeld kortvarige tiltak som treng rask saksbehandling og har derfor inga søknadsfrist. Hovudregelen er at det skal ligge føre lærekontrakt før utbetaling av tilskot.

Fylkeskommunen har satt ei ramme for tilskot, dersom tal søknader overstig ramma, kan tildelinga bli lågare.

Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Midlar til hjelpetiltak

Søk midlar for å sette inn ekstra tiltak for å hjelpe lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar til å fullføre læretida.
Alle opplæringskontora må søkje samla for sine bedrifter som har behov for midlar og bedrifter utan tilknyting til opplæringskontor søkjer sjølve.

Det er berre søknader som kjem inn gjennom denne søknadsportalen som blir behandla.

Målet med ordninga er å gi fylkeskommunen midlar slik at opplæringskontor og bedrifter kan gjennomføre gode tiltak lokalt for dei det gjeld.

Kriteria for 2021 var utarbeida i samarbeid med representantar for opplæringskontor og i sak i yrkesopplæringsnemnda, kriteria er vidareført i 2022:

• Forlenging av lære- og opplæringskontrakter
• Stimuleringsmidlar til godkjente bedrifter som tar over lærlingar frå andre
• Tilskot til lærebedrifter som tar inn ein ekstra lærling/lærekandidat
• Til utprøving av lærlingar/lærekandidatar med ulike utfordringar for å få læreplass/opplæringsplass (minoritetsspråklege)

Søknadsfrist 1.november 2022

Mer informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på vestlandfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Om Vestland fylkeskommunes støtteordninger

Vestland fylkeskommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Vestland fylkeskommune.