Sula kommunes kulturstipend

Stipend
Hvem kan søke?
Geografisk betinget?
Om støtteordningen

For å styrkje kulturarbeidet i Sula kommune set kommunen annakvart år av midlar på kulturbudsjettet til kulturstipend.


Sula kommune avgjer kor mykje som skal brukast til stipend, og kor stort kvart stipend skal vere. Kommunen avgjer også om stipendet skal delast ut.

Kven kan få stipend?
Stipend blir gitt etter søknad til person(ar) som er aktive innan kultur (t.d. kunst, kultur, musikk, idrett og sport) i eller i tilknyting til kommunen.
Stipendet er først og fremst tenkt som eit tilskot i samband med utdanning eller perfeksjonering, eller til å dekkje utgifter i samband med særskilt arbeid innan sitt kulturområde.

Ved vurdering av søknaden skal kommunen særleg legge vekt på at søkaren har ein klar plan for bruken av stipendmidlane, om stipendet kan gjere det lettare å realisere planen, og om tiltaket det blir søkt om stipend til vil kunne gi ei utvikling av søkaren.

Korleis søkje?
Kulturstipend blir normalt tildelt anna kvart år (oddetalsår)

Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. november (oddetalsår), men søknader etter den tid kan også bli vurderte dersom det er spesielle grunnar til at det ikkje blir søkt innan fristen.

Les mer og søk via kommunens nettsider sula.kommune.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger hos Sula kommunes kulturstipend
logo
Kulturmidlane - tilskot til frivillige lag og organisasjonar

Kva tilbyr vi?
Sula kommune tilbyr tilskot for å fremme aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar og støtte kulturtiltak i regi av enkeltpersonar og frivillige organisasjonar.

Kven kan søke?
►Lokale frivillige lag og organisasjonar kan søkje midlar til lokale arrangement og tiltak retta mot barn og unge
►Samarbeidstiltak mellom lag og organisasjonar
►Spesielle tiltak/arrangement framfor generell drift
►Tiltak som er i samsvar med MOT sine retningsliner
►Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.

Det blir ikkje tildelt midlar til:

►premiering 
►reise og opphald på ulike arrangement .
►dekning av underskot i etterkant av arrangement

 

Føresetnadar for å få tildelt tilskot: 

organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com . 
 

Interkommunale organisasjonar utan lokallag i Sula blir normalt ikkje tildelt tilskot.

Søknadsfrist
15. september

Les meir og søk på kommunens nettsider sula.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til private kulturbygg
  1. Kulturbygg drive og eigd av private og frivillige organisasjonar kan søkje tilskot. Kulturbygg med aktivitet retta mot barn og unge og utan betydeleg grad offentleg tilskot har førsteprioritet.
  2. Tilskotet skal gå til nødvendig vedlikehald og til permanente innreiingar som bidrar til aktivitet (t.d. scenerigg, lydanlegg).
    Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (lån/avdrag, husleige, reinhald, vaktmeisterteneste, etc.)
  3. Tilskotet skal gå til bygg som er ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Vedtekter for bygget/organisasjonen skal følgje søknaden.
  4. Søknaden skal innehalde informasjon om byggeår, disponibelt areal, samt aktivitetar som føregår i bygget, tal på brukarar, alderssamansetning og gi eit anslag på kor mykje bygget er i bruk.
  5. Søknaden skal innehalde opplysningar om totalkostnad på vedlikehald/innreiing. Søkjar skal også legge fram oversikt over finansiering og dugnadsinnsats for å kunne fullføre prosjektet.
  6. Melding om ferdigstilling skal rapporterast til kulturkontoret, innan 15. september påfølgjande år.
  7. Søknadsfrist er 15. september kvart år i tilsegnsperioden.

    Les mer og søk på sula.kommune.no




Privatpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til vedlikehald og opparbeiding av leikeplassar

Ved tildeling av tilskot skal opparbeiding av leikeplassen normalt vere påbegynt.


1. Søknad om kommunalt tilskot til leikeplassar skal skrivast på eige (elektronisk) skjema, og med dei vedlegg som er nemnde i skjemaet.

2. Søknad skal sendast inn av leiar i organisasjonen/laget.

3. Anlegg som får kommunalt tilskot skal vere open for almen bruk. Eigar kan lage nærare reglar for bruk av anlegget.

4. Søkjar har ansvar for at grunneigar har gjeve samtykke til bruka av grunnen til føremålet, og leigeavtale skal føreligge.
For leikeplass på kommunal grunn skal det føreligge avtale mellom kommunen og drivar av leikeplassen.

5. Anlegget skal fullførast i samsvar med søknaden.

6. Søkjar har ansvar for å innhente naudsynt byggjeløyve.

7. Ein førutset at leikeplassen og apparatene blir oppført i samsvar med gjeldande føreskrift om sikkerheit ved leikeplassar.

Retningsliner vart sist revidert i fagutvalet for kultur og folkehelse 8.3.17, KUF-vedtak 013/17.
 

Føresetnadar for å få tildelt tilskot:

-Laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com 


Søknadsfrist er 1. mai

Les meir og søk på sula.kommune.no

Privatpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til nærmiljø- og friluftstiltak

Tilskotsordninga for nærmiljø- og friluftsliv prioriterer søknadar som fyller følgjande kriterie:

1. Styrker og stimulerer til (nye) aktivitetar/tiltak knytt til friluftsliv og nærmiljø for barn og unge

2. Samarbeidar med andre private, og frivillige lag og organisasjonar om prosjekt/tiltak

3. Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.

4. Utvikling/vedlikehald av nærmiljøanlegg (ikkje leikeplassar). Det er ein førutsetnad at anlegget er ope for almen fysisk og idrettsleg aktivitet. Det blir ikkje gitt tilskot til nye eller planlagde anlegg som er spelemiddelberettiga eller anlegg som skal rehabiliterast og er spelemiddelberettiga.

5. Søkjar må legge ved naudsynt byggjeløyve

Tilskotsordninga gjeld ikkje: 

►personleg utstyr
►leige av lokaler
►arrangement.

Søknadar må innehalde beskriving av aktivitet, kostnadsoverslag og finansieringsplan. Ein førutset at prosjektet også kan realiserast utan kommunalt tilskot.

Føresetnadar for å få tildelt tilskot:

organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com 


Søknadsfrist 1. mai

Les meir og søk på sula.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Tilskot til 17. mai arrangement i krinsane

17. mai tilskot blir fordelt etter søknad frå arrangørar for krinsen.

Midlane blir fordelt slik:
Grunnbeløpet skal utgjere 25 % av totalt tilskot, 75 % blir fordelt etter tal på elevar i krinsane.

Korleis søke?
Søk via søknadsskjema på sula.kommune.no

Søknadsfrist
2. april

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Aktivitetstilskot - inkludering i organisert fritidsaktivitet

Kontantkassa er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal idrettskrets, GjensidigeStiftelsen og Sula kommune. Aktivitetstilskotet er eit reint kommunalt tilskot. Føremålet med begge tilskotsordningane er at alle barn og unge skal få moglegheit til å delta i ein fritidsaktivitet.

Målgruppe
Tilskotet er særskilt innretta mot barn og unge mellom  6 og 18 år (med bustadadresse i Sula kommune) som av økonomiske årsakar ikkje får delta i organiserte aktivitetar.

Kva kan det søkast støtte til?
På vegne av barnet/ungdomen:

kontingent, samlingar, cupar, turar.
Det kan søkast om inntil kr 5000,- pr. person i året.

Organisasjonen kan også søke støtte frå aktivitetstilskotet til innkjøp av utstyr til utlån og andre inkluderingstiltak innanfor målgruppa. 


Kven kan søke?
Alle lag og organisasjonar som har organiserte fritidstilbod til barn og unge i Sula kommune kan søke.

Det blir ikkje utbetalt pengar til enkeltpersonar. Barnet/ungdomen eller føresette kan ikkje søke sjølve, men kan søke i samarbeid med laget/organisasjonen. 
Lærarar, helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar, lagleiarar, trenarar med fleire, kan i samarbeid med barnet/ungdomen kontakte lag og organisasjonar.

Tilskotet går direkte til organisasjonen/laget/foreininga for å dekke utgifter.

Krav til søkar
Søkar må vurdere om familien er i ein slik situasjon at bidrag frå Kontantkassa/aktivitetstilskotet vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Tilskotet skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har generelle utfordringar med å drive inn kontingentar. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande.

Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt støtte til. Med dette meiner vi at at den som søker må hjelpe barnet til å huske på/komme seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må følge barnet på aktivitetane. 

Føresetnadar for å få tildelt tilskot:

organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com 


Korleis søke?

Benytt elektronisk søknadsskjema som du finner på sula.kommune.no

Privatpersoner
logo
Tilskot til maritime føremål

Kven blir prioritert?
►Lag og organisasjonar med aktivitetar og prosjekt retta mot lokale maritime formål, t.d. ivaretaking av kystkultur, sjøbruk, museal verksemd, formidling eller opplæring innan formålet

►Utvikling/etablering av lag og organisasjonar med maritim verksemd som formål

►Søknadar som involverer funksjonshemma og barn og unge

►Kommersielle tiltak/prosjekt blir ikkje støtta

Føresetnadar for å få tildelt tilskot:

organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com 


 
Korleis søke?
Via søknadsskjema som du finn på sula.kommune.no

Søknadsfrist
1. mars

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturpris for Sula kommune

Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sula kommune.

Kven kan tildelast prisen?
Kulturprisen kan gjevast til einskilde personar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist (vedvarande) evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem særleg denne kommunen til gode, og elles fell inn under dei føresetnader som er nemnde ovanfor, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i kommunen.

Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller til landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar, heller ikkje til personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern.

Slik stiller du forslag til kandidat
Rådmannen syter for å gjere prisen kjend, og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 2 - to - månaders varsel skal rådmannen kunngjere fristen i pressa.

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og foreiningar, og skal vere skriftlege, helst med grunngjeving av framlegget.

Sula kommune kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
Om Sula kommunes stipend og støtteordningar

Sula kommune tilbyr flere støtteordninger og stipender til sine innbyggere. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over de ulike støtteordningene.