Kulturstipend

Stipend
Hvem kan søke?
Geografisk betinget?
Vik
Om støtteordningen

Stipendet skal øyremerkast einskildpersonar, born/ungdom frå Vik kommune i alderen 15 – 30 år som har eit spesielt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikla sin dugleik i ein sektor av eit vidt kulturomgrep


Same person kan få stipend i fleire år


Politikarane i Vik kommune vurderer om heile stipendet skal fordelast kvart år, om det skal delast på fleire eller kor stor sum søkjar/ane skal få. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stipendet, kan utvalet la vera å dela ut. Utvalet kan og sjølve fremja kandidatar til kulturstipendet

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Vik kommunes støtteordninger
logo
Kulturmidlar
  • Vik kommune kan gje tilskot til kulturtiltak innanfor kommunen
  • I den grad ein har avgrensa midlar til rådvelde, skal tilskotet gå til grupper, lag og organisasjonar som har born, unge og funksjonshemma som målgruppe
  • Alle kulturtiltak kan få stønad, men midlane kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg. Ein kan heller ikkje tildela kulturmidlar som skal dekka driftsutgifter for institusjonar med fast offentleg stønad
  • Ved fordeling av kulturmidlane vil Vik kommune leggja til grunn kulturpolitiske prioriteringar, j.m.fr kommuneplanen
  • Vik kommune vil gjennom kulturtiltak leggja spesielt tilrette for kulturtiltak til funksjonshemma
  • Fordeling av kulturmidlar skal stimulera arbeidet i friviljuge lag og organisasjonar og oppmuntra til positive tiltak innan gruppe og lagsarbeid
  • Større stønad til einskildtiltak gjeve etter lokale kulturpolitiske prioriteringar, inneber at einskilde søknader kan avvisast
  • Kommunen kan krevja at det vert lagt fram budsjett og rekneskap for tiltak det vert søkt til




Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Tilskot til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal leggje til rette for auka deltaking i  idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. 


Det blir gitt tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter. Lotteri og stiftelsestilsynet har opna for søknadar, og søknadsfristen er 13.6.22, klokka 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan være både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordninga:

-Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
-Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierar.
-Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
-Nåverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.


Les meir om regelverket for ordninga og send søknad på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til næringsformål

Vik kommune får årleg inntekter frå vasskrafta i kommunen gjennom konsesjonsavgifter som vert satt på eit fond – kraftfondet. Fondet skal, i følgje vedtektene, nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av
konsesjonsavgifter som vert satt på eit fond – kraftfondet. 



Frå kraftfondet gjev Vik kommune tilskot til næringstiltak som:

  • Skapar nye arbeidsplassar, enten ved etablering av nye verksemder eller ved utvikling av eksisterande verksemder.
  • Trygger eksisterande arbeidsplassar.
  • Aukar produksjonen i landbruket
  • Aukar bulyst og omdømme til kommunen gjennom utvikling i bygdene.


Det vert gjeve fire ulike typar tilskot:

  • Oppstarts- og opplæringstilskot
    Tilskot til nyetablering, kurs og kompetanseheving, tilsetting av lærlingar og
    traineear i nye stillingar. Slike tilskot vil ha mindre krav til søknad,
    handsaming og rapportering enn store prosjekt.
  • Prosjekttilskot
    Tilskot til investeringar i næringsbygg, produktutvikling, driftsmidlar og
    liknande. Vik kommune er positive til god idéar og satsingar i kommunen og
    ynskjer å bidra til at dei rette idéane vert realiserte.
  • Bygdeutvikling og omdømebygging
    Tilskot til arrangement og andre tiltak som bidreg auka til bulyst og
    omdømme.
  • Landbrukstilskot
    Særlege tilskot til landbruk.




Korleis søkje
Søknad sendast til
 Landbruksstøtte: postmottak@vik.kommune.no
 Alle andre søknader: Søk på www.regionalforvaltning.no


Ein godt gjennomarbeida søknad er viktig for sakshandsaminga.


Søknaden må minimum innehalde:
1. Informasjon om søkjar
2. Skildring av verksemda og tiltaket.
3. Budsjett med finansieringsplan.
4. Plan for gjennomføring av tiltak

Les meir om tilskotet på vik.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Tilskot til landbruk

Vik kommune tilbyr også fleire tilskot til landbruk. Til dømes:

 Tilskot til nyplanting
 Spesielle miljøtilskot i landbruket
 Avløysing ved sjukdom

Les meir om desse på kommunes nettsider:

https://www.vik.kommune.no/tenester/naring-landbruk-klima-og-miljo/landbruk/produksjonstilskot-i-landbruket/

Bedrifter og næringsliv
Privatpersoner
Om Vik kommunes støtteordninger

Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over ulike stipend og offentlige tilskuddsordninger Vik kommune tilbyr sine innbyggere.