Kommunalt næringsfond

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Hjartdal kommune har eit kommunalt næringsfond. Storleiken på fondet varierar ut frå statlege overføringar og kommunale budsjett.


Tildelingar frå næringsfondet blir vedteken politisk av Fondsstyret. 
Vedtekter for fondet kan lesast på hjartdal.kommune.no

Det kan gis stønad både til nyetablering og til utvikling av eksisterande verksemd. Vi oppmodar til å ta kontakt med kommunen før du leverer søknad. Vi vil gje rettleiing og informasjon som er nyttig i prosessen. 

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Hjartdal kommunes legater og støtteordninger
logo
Kulturpris

Kulturprisen delast ut til einskildpersonar, grupper, foreningar eller lag som har gjort ein særskild innsats innanfor det utvida kulturomgrepet. Kandidaten må vere frå eller bu i Hjartdal kommune, eller på annan måte ha sterk tilknytting til kommune.
Grunngjeve forslag på priskandidat sendast Hjartdal kommune.

Fullstendig utlysingstekst finn du på www.hjartdal.kommune.no

Retningsliner 

1. Kulturprisen delast ut til einskildpersonar, grupper, foreningar eller lag som har gjort ein særskild innsats innanfor det utvida kulturomgrepet.
Kandidaten må vere frå eller bu i Hjartdal kommune, eller på annan måte ha sterk tilknyting til kommunen.

2. Administrasjonen lyser årleg ut frist for å kome med priskandidatar. Kandidatar til Kulturprisen skal fremjast skriftleg og med grunngjeving innan utlyst frist.

3. Tildeling av Kulturprisen gjerast etter behandling i utval for levekår og kultur, der dei skriftlege framlegga til årets kandidatar skal følgje saka i forkant av utvalet sitt møte.
 
4. Med verknad frå Kulturprisen som delast ut i 2018 skal prisen bestå av ein innramma diplom og ein blomsterbukett, inntil 5 000 kroner. Utgifter til diplom og blomster skal dekkjast over budsjett for kultur, post 14706, Stipend og prisar.

Kontakt:
Hjartdal kommune,
Servicekontoret
Saulandsvegen 414
3692 Sauland
Tlf. 35028000

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Dialektpris

Kommunen ynskjer å heidre einskildpersonar, lag og verksemder som i det daglege brukar Hjartdalsdialekt på ein ekte og konsekvent måte, anten i tale eller skrift, eller på annan måte bidreg til å styrke dialektidentiteten vår. Med offentleg i tale eller skrift meiner vi aviser, radio, tv, sosiale medier osb.

Grunngjeve forslag på priskandidat sendast Hjartdal kommune. Fullstending utlysingstekst finn du på www.hjartdal.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kulturmidlar

Lag og organisasjonar kan få søknadsskjema ved å vende seg til: Hjartdal kommune, servicekontoret, tlf. 35028000 eller ved å klikke på lenke du finn på hjartdal.kommune.no.

Søknad sendast Hjartdal kommune.

Det kan søkjast om tilskot til: Generelt kulturarbeid. Barne- og ungdomstiltak vert prioritert.

Søknaden skal innehalde:

- Medlemstal

- Leiar i styret

- Kasserar

- Eventuell husleige siste år

- Andre faste driftsutgifter til anlegg

- Aktivitetar siste året (legg evnt. med årsmelding)

- Sum driftsutgifter siste år

- Sum driftsinntekter siste år

- Kasse/Bankgiro/Postgiro

- Annan eigenkapital

- Særlege merknader til laget sin økonomi

- Tiskotet skal brukast til

- Totale kostnader for desse tiltaka

Ein gjer merksam på at Utvalet for kultur og oppvekst har til disposisjon andre midlar til ulike
kulturtiltak. Ein kan søkje om dette gjennom heile året.

Les meir på hjartdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilla og Oles legat og Gudrun Hovdes legat

Dette er et legat som støtter veldedige og allmennyttige formål. Hovedfokus er småbruksnæringa og kulturlivet i kommunen.

Mer infomasjon fås ved å kontakte ordføreren.

Privatpersoner
Om Hjartdal kommunes støtteordninger

Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over offentlige tilkuddsordninger som du kan søke på om du bor i Hjartdal kommune.