Kulturpris

Pris / Utmerkelse
Geografisk betinget?
Antall utdelinger
1
Om støtteordningen

Kulturprisen er ein heider og takk til personar som har utført eit verdfullt og oppofrande kulturarbeid i kommunen.
Kulturprisen er oppretta for å stimulere til kulturfremjande tiltak og kulturvernarbeid. I særskilde tilfelle kan kulturprisen delast ut til organisasjonar.

Kulturprisen er ein bronseskulptur av kunstnaren Jøran Flo, samt eit diplom.

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Stryn kommunes legat og støtteordninger
logo
Ungdommens kulturstipend

For å bli kandidat til ungdommens kulturstipend må du fortene karakteristikken lovande innan ditt felt.
Lovande skal sjåast i høve til nasjonalt, eventuelt internasjonalt nivå innan kulturfeltet som song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie osb. 

Ungdommens kulturstipend kan delast ut til personar som er busette i Stryn kommune eller på annan måte har nær tilknyting til kommunen.

Privatpersoner
logo
Kulturmidlar

Vi har fire kategoriar for søknad om kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot, særskilde tiltak, tilskot til lokale kulturbygg og nytt frå 2022: Tilskot til aktivitet for ungdom.


Ordinære kulturmidlar/driftstilskot
Du kan søkje om kommunal støtte til drift av laget. For å kunne søkje må laget ha eit styre, betalande medlemmar og føre eige rekneskap. Søkjer du både om driftsstøtte og om støtte til eit særskilt tiltak. Må du fylle ut eit skjema for kvart føremål. Hovudlaget skal stå som søkjar (ikkje grupper e. l. i laget).
Søknadsfrist: 15. mars.


 

Særskilde tiltak
Du kan søkje tilskot til gjennomføring av eit særskilt tiltak som ikkje kjem innunder vanleg lagsrutine og som ikkje kjem innunder retningsliner for driftstilskot. Ynskjer du å søkje tilskot til fleire tiltak, må du fylle ut eit skjema for kvart tiltak. Det same gjeld om du vil søkje både om driftstilskot og om støtte til eit særskild tiltak. Krav om budsjett og finansieringsplan.
Søknadsfrist: 15. mars og 15. september.


 

Tilskot til lokale kulturbygg
Du kan få tilskot til vedlikehald og restaurering av bygningar, grendahus og lokale som vert nytta til kulturaktivitet. Det blir sett som eit krav at verneverdige bygningar blir restaurert etter antikvariske retningsliner.
Søkjarar som treng kommunale midlar for å kome i posisjon til å løyse ut statlege tilskot til kulturbygg/lokale vert prioritert.
Du må søkje om tilskot til arbeidet før dette er sett i gong. Eventuelt tilskot skal utbetalast det året tilskotet vert gjeve. Skule- og kulturetaten må innan 1. desember få melding om at arbeidet er starta opp/sluttført.
Søknadsfrist: 15. mars
 

Tilskot til aktivitet for ungdom
Aktiviteten må vere i Stryn kommune.
Aktiviteten må ha ungdomsmedverknad.
Aktiviteten kan vere nystarta eller ei vidareføring av allereie etablert aktivitet.
Søknaden skal fyllast ut på eige skjema og det skal leggjast ved eit budsjett med finansieringsplan.

Hovudutdelinga skjer i samband med kulturmidlar med frist 15. mars. Om det er midlar att vert dei lyst ut på nytt med frist 15. september. Stryn ungdomsråd er høyringsinstans til desse midlane.

Les meir og søk elektronisk på stryn.kommune.no

 

Organisasjoner og foreninger
logo
Ungdomsmidlar

Stryn Ungdomsråd lyser kvart år ut ungdomsmidlar til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge.

-Ungdomsmidlane er øyremerka tiltak for ungdom i alderen 12 – 20 år i Stryn kommune.

-Tilskotet vert gjeve til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge, og er tenkt som eit middel for å setje gode idear og tiltak ut i live.

-Tiltaket/prosjektet kan vere nystarta eller ei vidareføring av eit allereie etablert tiltak/prosjekt.


-Tiltak/prosjekt som ikkje får stønad frå det ordinære kulturbudsjettet i kommunen vert prioritert.


Utbetaling og rapport
Tildelte midlar vert utbetalt når kulturavdelinga har motteke melding om at tiltaket/ prosjektet er starta opp eller fullført. Siste frist for utbetaling av tildelte midlar er 1. desember inneverande år.
Det må leverast rapport som viser korleis midlane er brukt innan 31. desember søknadsåret.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Spelemidlar

Idrettslag med fleire kan søkje om spelemidlar til bygging av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet. Spelemidlane er inndelt slik:

-anlegg for idrett og friluftsliv
-nærmiljøanlegg


Alle som skal søkje spelemidlar må vere med i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Anlegg må vere idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent.

Dei som ønskjer å søkje tek kontakt med kulturavdelinga for registrering.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du her: www.idrettsanlegg.no

Gå direkte til anleggsregisteret her: www.anleggsregisteret.no

Spørsmål kan rettast til kulturavdelinga i Stryn kommune, tlf. 57 87 47 53

Organisasjoner og foreninger
Om Stryn kommunes legat og støtteordninger

Stryn kommune deler ut idretts- og kulturstipend og flere andre tilskuddsordninger. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon.