Tilskot til større arrangement/festivalar

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Frivillige lag og organisasjonar som skal arrangera festivalar eller større arrangement i Eidfjord kan søkja om:

-Lån/leige av bygningar og anlegg
-Praktisk hjelp
-Lån/leige av utstyr
-Økonomisk tilskot


Tilskot til større arrangement/festivalar  vert utlyst årleg, og vert utlyst i pressa, på kommunen si heimeside og ved oppslag.

Søknadsfrist er 15. september kvart år.

MERK: Søknad om stønad til særs omfattande tiltak (festivalar mv), bør av omsyn til budsjettarbeidet fremjast seinast innan juli månad året før tiltaket skal gjennomførast.

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Eidfjord kommunes legater og støtteordninger
logo
Eidfjord kommunes legater

Mer informasjon om Eidfjord kommunes legater vil snart publiseres her. Du vil da få informasjon om hvem som kan søke og hvordan man sender søknad på Eidfjord kommunes legater.

Private / enkeltpersoner
logo
Kunstnarstipend

Kva slags tilskot er dette: 
Kunstnarstipendet er oppretta av Eidfjord kommune og er på minimum kr. 30.000,-  

Kven kan søkja: 
Stipendet kan søkjast av kunstnarar og kunsthandverkarar som fyller krav til opptak i ein kunstnarorganisasjon i Noreg eller tilsvarande utanlands organisasjon. 

Krav til søkjar: 
-Kunstnaren som mottek stipendet må arbeida i Eidfjord kommune i stipendåret. Opphaldet bør strekkja seg over 4-6 veker. -Kommunen stiller til rådvelde atelier og bustad i Bergsliskorane
-Stipendiaten bør inviterast til å halda utstilling i Galleri N.Bergslien, eller utføra anna kunstnerisk formidlingsarbeid i  kommunen
-Stipendiaten får tilbod om opphald i kunstnarbustaden under opninga/monteringa av utstillinga eller i samband med  formidlingsarbeid


 Kommunen ynskjer å byggja opp ei kunstsamling med arbeid av stipendmottakarane. Stipendmottakaren bør difor gje kommunen eit kunstverk frå arbeidsperioden i kommunen. 


Handsaming: 
Ein eigen jury, samansett av ein representant frå formannskapet, ein frå rådmannen og ein kunstnar frå Hordaland Kunstnarsenter, vel ut stipendmottakar på grunnlag av vitaliste og 5 innsendte digitale bilete
Kunstnarstipendet vert kvart år avgrensa av kommunestyret sitt budsjettvedtak. Unytta midlar vert overført til eige disposisjonsfond


Søknadsfrist: 
1. mai kvart år, stipendet vert lyst ut i eigne publikasjonar. Søknad sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no saman med vitaliste og 5 innsendte digitale bilete. Merka søknaden med kunstnarstipend. 

 

Private / enkeltpersoner
logo
Kommunalt utdanningsstipend

1. Grunnlag
I samband med årsbudsjett og økonomiplan fremjar rådmannen kvart år framlegg til totalbeløp som skal stimulera skuleungdom frå Eidfjord til utdanning ut over grunnskulen sitt nivå for heimebuande.
2. Omfang
Midlane skal mellom anna nyttast til å tildela kommunalt utdanningsstipend for elevar under 20 år på vidaregåande skule sitt nivå i inntil 4 år. Det er berre heimebuande som kan søkja. Stipendet skal tilpassast lengda på skuleåret og omfanget av studiane.
3. Vilkår
Søkjaren må vera busett i kommunen i den tida stipendet gjeld for. Dette skal kontrollerast mot folkeregisteret. Søkjaren kan ikkje motta andre offentlege utdanningsstønader, med unnatak av Statens Lånekasse. Dette skal kontrollerast mot andre offentlege instansar. Søkjaren må fullføra den perioden stipendet er tildelt for. Dersom søkjaren ikkje fullfører den perioden stipendet er tildelt for, kan søkjaren få avkorta stipend neste år.
4. Krav til utdanninga
Utdanninga må skje ved ein godkjend institusjon og vera lagt opp som fulltidsutdanning eller deltidsutdanning.
Dette utdanningsstipendet omfattar ikkje lærlingar eller andre med løn i samband med utdanninga.
5. Tildeling
Rådmannen tildeler utdanningsstipend etter vedtak om delegasjonsreglement for Eidfjord kommune frå 01 07 98. Avgjerda kan ankast inn for Eidfjord formannskap.
Stipendet vert fordelt over heile skuleåret med utbetaling ein gong pr månad. Søkjaren som tek halvårleg utdanning søkjer samtidig. Stipendordninga skal kunngjerast i lokalavisene med søknadsfrist 1. september for årsstudie. Søknadsfristen er 1. september og 1. januar for halvårlege studie.
Formannskapet kan i spesielle høve fråvika desse reglane.

Les meir og søk elektronisk på eidfjord.kommune.no

Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til kulturtiltak

Det  kan det søkjast om stønad til kulturtiltak som har kommunal eller lokal verdi og som er opne for alle. Stønad kan også søkjast av enkeltpersonar i kommunen. Døme på kulturtiltak kan vera:

-kulturarrangement
-kurs
-prosjekt.

Prosjekt er tidsavgrensa aktivitet , tiltak, arrangement/arbeid som ikkje er ordinær drift av organisasjonen. Ved handsaming av stønad til prosjekt vert nyskaping, samarbeidstiltak, tiltak for barn og unge, større konsertar/teater med profesjonelle utøvarar og eller/ i samspel med desse, og integreringstiltak for medlemer med spesielle behov vektlagt.
underskotsdekning


Søknad om stønad til kulturtiltak må vera kulturkontoret i hende i god tid før tiltaket skal setjast i gang. Søknad om kulturtiltak kan søkjast heile året, og avgjerd er delegert til administrasjonen. Dette gjeld for søknader med stønad på inntil kr 25 000. Stønad til kulturtiltak som kan søkjast heile året

Unntak:  Søknad om stønad til særs omfattande tiltak,( festivalar mv) , bør av omsyn til budsjettarbeidet fremjast seinast innan juli månad året før tiltaket skal gjennomførast.

Les meir og søk elektronisk på eidfjord.kommune.no

Private / enkeltpersoner
Om Eidfjord kommunes legater og støtteordninger

Eidfjord kommune tilbyr sine innbyggere forskjellige stipend, legat og tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Eidfjord kommune.