Kommunalt tilskot til idrettsanlegg

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Lag/grupper som eig eller driv idrettsanlegg som har fått tilskot frå  spelemidlane, kan søkje kommunalt tilskot til vedlikehald og oppdatering av slike anlegg.  


Det skal søkjast på førehand med grunnlag i behovsplanar for tiltak som vert gjennomførde i år. Tilskotet vert utbetalt på etterskot utifrå dokumenterte kostnader. Ordninga gjeld ikkje vanlege driftskostnader. Søknadsskjemaet har nærare retningsliner.

https://skjema.orsta.kommune.no/skjema/ORS057/Tilskot_til_idrettsanlegg

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Ørsta kommunes støtteordninger
logo
Aarsæther-legatet

Aarsætherlegatet vart oppretta i februar 1918, til minne om Anders Knudsen Aarsæter og hustru Marte Nilsdatter Aarsæter, og legatet skal vere ”til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred”, slik heiter det i stiftingsbrevet. I starten var legatet mykje ein jorddyrkingspris, og det har også vore delt ut stipend frå legatet, i tider med høgare renteinntekter enn vi har no.  

Prisar frå legatet har ikkje vore delt ut årleg siste perioden.

Styre for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 politikarar valde av kommunestyret, og ordførar, som er leiar for styret. Styret hadde møte 23. mai i år, og det vart vedteke å dele ut to jord- og skogbruksprisar i år.

Prisen består av ein diplom, som er teikna av Karl Straume i 1953. Og i tillegg får prisvinnarane lokal kunst, som i år er kvar sitt måleri av Rune Innselset.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kommunalt tilskot til kulturføremål

Kommunestyret bestemmer hvert år om de setter av midler til kulturtilskudd.

Se kommunens nettsider for mer informasjon:

https://www.orsta.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/tilskot/

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Spelemidlar

Tilskot frå spelemidlane er ei viktig ordning for finansiering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gir råd og rettleiing for søkjarane.


God, nyttig og naudsynt informasjon om tilskotsordninga og søknadsskjema finn de her: https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/ .  


Kvart år kjem nye Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i samband med at ny søknadsrunde opnar i midten av juni. Denne er under vilkår og krav til venstre på anleggsregisteret.

Søknadsfrist
20. oktober: frist for spelemiddelsøknad til Ørsta kommune
15. januar: frist for ei samla oversending av kommunen sine spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen
Ca. 15. februar: tilbakemelding frå fylkeskommunen om søknaden har feil/manglar.
Ca. 15. mars: frist for å rette opp eventuelle feil/manglar i søknaden. Fylkeskommunen gir beskjed om eksakt frist når tilbakemeldingane blir sendt i februar (jf. fristen ovanfor).
Mai: kulturdepartementet legg ramma til fordeling
Juni: Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot i juni kvart år. Tildelt tilskot vert offentleggjort i brev til søkjarane.
15. juni: nytt søknadsår, og søknadsportalen vert opna  https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/


Kven kan søke?
-Kommunar og fylkeskommunar
-Lag og foreiningar registrert i frivilligheitsregisteret
-Grupper organisert under Friluftsrådenes landsforbund og Norsk friluftsliv
-Aksjeselskap, andelslag eller andre samvirke som oppfyller krav til organisasjonsform
Anlegget må vere prioritert i handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i kommunen.

Les mer på kommunens nettsider:

https://www.orsta.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/tilskot/spelemidlar/

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Næringsfond i Ørsta kommune

Kommunestyret vedtar hvert år om det settes av midler til et næringsfond.

Oppdatert informasjon finner du på kommunens nettsider:

https://www.orsta.kommune.no/naring/naringsutvikling/naringsfond/

Bedrifter og næringsliv
Om Ørsta kommunes støtteordninger

Ørsta kommune deler ut midler til blant annet kultur og næringsutvikling. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Ørsta kommune.