Spelemidlar

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense
Det kan søkjast om spelemidlar til:
-ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
-nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
-rehabilitering av eldre anlegg
-turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner


Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søkje?
For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. 

Søkjarar kan vere (til alle anleggstyper under pkt. 2.6 i føresegnene):
Kommunar, fylkeskommunar, kommunale og fylkeskommunale føretak, studentsamskipnader, idrettslag og organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (Norges idrettsforbund), samt i Samenes idrettsforbund-Norge.
Sammenslutninger organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Det Frivillige Skyttervesen og Norges Bilsportforbund.
Aksjeselskaper, samvirkeforetak, stiftelser og andre sammenslutninger (først og fremst andre foreninger enn dem nevnt over) med vedtekter som oppfyller kriteriene i pkt. 2.3.1.

Les meir om ordninga her:

https://www.solund.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/idrett-og-friluftsliv/spelemidlar-og-plan/

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Solund kommunes støtteordninger
logo
Fritidsfondet

Alle barn og unge har rett til å delta i leik, fritidsaktivitetar og kulturliv. Fritidsfondet bidreg til at fleire får delta. Dersom ein har utfordringar med økonomien, har ein mogelegheit til å nytte denne ordninga. 


Frå Fritidsfondet kan du årleg søkje om å få dekka ulike utgifter til:

Medlemskontingent 
Trenings- og aktivitetsavgift 
Kulturskuleavgift 
Lisensar
Eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar 
m.m.


Fondet er til for barn og unge mellom 5 og t.o.m. 19 år. Og for lag og organisasjonar som har lyst å arrangere gratisarrangement for aldersgruppa, eller søkje for andre.

Ein kan søke fleire gonger i løpet av året.
Det kan søkjast om opptil kroner 5000,- pr år pr born, og kroner 5000,- pr år for lag og organisasjonar.
Det er ingen søknadsfrist.

Les retningslinjer og søk elektronisk på kommunens nettsider:

https://www.solund.kommune.no/tenester/okonomisk-stotte-og-tilskot/fritidsfondet/

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Næringsfond

Føremål med ordninga 
Næringsfondet til Solund kommune er eit distrikts- og regionalpolitisk virkemiddel som har som mål å bidra til å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Solund kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i. Fondet skal nyttast til tiltak som aukar Solund sin attraktiviteten for befolkning og næringsliv. Næringsfondet skal nyttast til tilskot som utløysande effekt for gjennomføringa. Tilskot skal gå til utviklingsprosjekt. 

Krav om utløysande effekt 
Midlane frå næringsfondet skal ha ei utløysande effekt og bidra til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod. Det vil mellom anna seie at prosjekt som er starta opp ved innsending av søknad, ikkje kan tildelast tilskot.

Løyving
Det kan løyvast midlar til investering, bedriftstilskot, tiltakksapparat og arrangement. Du finn meir informasjon i vedtektene.

Prioriterte målgrupper og satsninger
Målgrupper: Kvinner, ungdom og innvandrarar er prioriterte målgrupper
Satsinger: Kunnskapsintensive og kreative verksemder med fokus på miljø

Søknad
Søknader om støtte frå næringsfond gjerast via www.regionalforvaltning.no. Søknadsfristen er løpande. 

Les meir om ordninga her:

https://www.solund.kommune.no/tenester/naring-miljo-og-jordbruk/naring/naringsfond/

Bedrifter og næringsliv
Om Solund kommunes støtteordninger

Solund kommune deler blant annet ut midlar fra eit næringsfond og eit fritidsfond. Se fanen "Støtteordninger" for meir informasjon.