Næringsfond

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Mål med nytt fond
Eit kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og
næringsutvikling i Ulstein kommune. Støtta skal gå til bedrifter og nyetablerarar som vil bidra
til vekst og utvikling i Ulstein kommune.


Ramme
Per 1.1.2022 er ramma for næringsfondet 800.000 kroner.


Kven kan søke
Det er berre bedrifter eller nyetablerar som kan søke. Bedrifter som samarbeider kan også
søke, men da er det ein av partane som søker. Søkar må vere registrert med
organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Dei som søker treng ikkje ha kontoradresse i Ulstein kommune, men arbeidsplassane må
ligge i Ulstein kommune.


Kva kan ein søke støtte til
Støtta skal gå til eksterne kostnadar knytt til prosjekt/tiltak som er med på etablere eller
vidareutvikle bedriftene. Tilskotet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket og kan ikkje vere
starta.
I vurderinga vert det særleg lagt vekt på:
 Kor nytt og nyttig tiltaket er med omsyn av utvikling av næringslivet i Ulstein
kommune
 I kor stor grad tiltaket vil vere i utvikling av selskapet
 Kor raskt tiltaket kan kome i gang
 Tiltak som fremmer nyskaping og utvikling i samsvar med nyskapingsstrategi for
Ulstein kommune 28.03.2019

Les retningslinjer og søknadsinformasjon på kommunens nettsider

https://www.ulstein.kommune.no/aktuelt/nytt-naringsfond.130150.aspx

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Ulstein kommunes støtteordninger
logo
Kulturmidlar

Kven kan søkje?
Ulstein kommune kan yte tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskilde personar som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Ulstein kommune.

Organisasjonar som driv si verksemd i Møre og Romsdal, og som fell utanfor retningslinene for fylkeskommunal stønad, kan ytast tilskot under føresetnad av at dei rekrutterer eit visst tal medlemer i Ulstein.

Samarbeidsorgan for lag og organisasjonar kan og søkje.


Kva tiltak kan ein søkje på?
Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt og sosialt føremål i seg og som kjem innbyggjarane i Ulstein til gode, med barn og ungdom som hovudprioritet.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:

Oppstartstilkot
Tilskot til drift
Tilskot til einskilde arrangement og tiltak
Tilskot til kurs, studieringar, opplysingsverksemd 
Tilskot til andre kulturføremål

Søknadsfrist?
Se kommunes nettsider for mer informasjon. Fristene varierer etter hvilke type tilskudd du skal søke på.

https://www.ulstein.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/tilskot-stipend-og-utmerkingar/kulturmidlar/


 

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Tilskot til ungdomstiltak

Kven kan søkje?
Ungdomsrådet disponerer ein del pengar til ulike ungdomstiltak. Det kan ytast tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar som driv eller vil starte opp kulturverksemd for ungdom i Ulstein. 

Kva tiltak kan ein søkje på?
Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt/sosialt føremål i seg og som kjem ungdom i Ulstein til gode.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:
-Oppstartstilkot
-Tilskot til einskilde arrangement og tiltak
-Tilskot til andre ungdomstiltak 


Søknadsfrist?
Det er ingen søknadsfrist, og du kan søke heile året.

Les meir på kommunens nettsider:

https://www.ulstein.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/tilskot-stipend-og-utmerkingar/tilskot-til-ungdomstiltak/

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Trivselstilskot i krinsane

Kven kan søkje?
Organisasjonar heimehøyrande i krinsane i Ulstein kommune, med unntak av sentrumskrinsen, kan søkje om tilskot til trivselstiltak. Med krins meiner ein i denne ordninga skulekrins.
Døme: idrettslag, grendalag og andre lag som arbeider for auka trivsel og bulyst i krinsen.

Kva tiltak kan ein søkje på?
Målet med tiltaka skal vere auka trivsel og bulyst i krinsen. Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplass m.m.

Det kan også søkjast på nye tiltak og arrangement som ein ønskjer å gjennomføre.
Døme: bygdekveldar, teatergruppe, lokale konsertar m.m.Kor mykje midlar er til rådvelde?
Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 200.000 kr til føremålet.

Samfinansiering
Det er ein føresetnad for å få tildelt midlar, at andre enn Ulstein kommune bidreg økonomisk til gjennomføring av tiltaket. Ulstein kommune sin del gjennom ordninga for trivselstiltak i krinsane, kan ikkje overstige 50 % av tiltaket sin totalkostnad. Dugnad kan være ein del av finansieringa av eit prosjekt. Ein dugnadstime for ein person kan reknast til 200 kr. Dugnadstimar må dokumenterast med timeliste.

Søknadsfrist?
Søknadar om tilskot må vere Ulstein kommune v/ kulturkontoret i hende innan 1. mars og tildeling skjer seinast i løpet av mai. Eventuelle unytta midlar kan tildelast på hausten med søknadsfrist 1. september og fordeling i løpet av oktober.

Les meir om ordninga på kommunens nettsider:

https://www.ulstein.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/tilskot-stipend-og-utmerkingar/tilskot-til-trivselstiltak-i-krinsane/

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturpris

Kva er kulturprisen?
Kulturprisen er eit samarbeid mellom Ulstein kommune, Nordea Ulsteinvik og Sparebanken Møre Ulsteinvik. Det er Levekårsutvalet i Ulstein som årleg deler ut kulturpris eller kulturstipend. Prisen er på 20.000 kr.

Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Ulstein.

Kven kan få kulturpris?
Einskildpersonar eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som har vist (vedvarande) evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem særskilt Ulstein kommune til gode, og elles fell inn under dei føresetnadar som er nemnt ovanfor, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i Ulstein kommune.

Kulturprisen kan ikkje bli gjeve til offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. Personar som er tilsett av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern kan ikkje få kulturstipendet for dette arbeidet.


Annonsering av kulturprisen
Kulturkontoret i Ulstein syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 1 – ein – månad varsel skal kulturkontoret kunngjere fristen i pressa.


Korleis fremje kandidatar?
Framlegg til kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftlege, helst med grunngjeving av framlegget.

Fremjing av kandidatar kan du sende til postmottak@ulstein.kommune.no, eller per brev til:

Ulstein kommune v/kulturavd.
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

Levekårsutvalet kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Frivilligprisen

Kva er frivilligprisen?
Prisen er ei påskjønning for aktiv innsats innan frivillig arbeid i kommunen, og skal synleggjere frivilligheita sin store verdi gjennom å løfte fram gode eksempel på resultat for frivillig innsats for lokalsamfunnet i vår kommune. Prisen skal stimulere til frivillig innsats.

 
Kven kan få frivilligprisen?
Frivilligprisen blir tildelt ein initiativrik person eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig arbeid i kommunen.

Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse, organisasjonsliv og den frivillige sektor elles. 
 

Annonsering av frivilligprisen
Det er styret i Ulstein Frivilligsentral som administrerer Frivilligprisen, og dagleg leiar i frivilligsentralen ordnar med omtale og annonsering. 

 

Korleis fremje kandidatar?
Fremjing av kandidatar kan du sende skriftleg til postmottak@ulstein.kommune.no, eller per brev til:

Ulstein kommune
v/Ulstein Frivilligsentral
Postboks 143
6067 ULSTEINVIK

Du kan også levere forslaget ditt på servicetorget på rådhuset, eller til frivilligsentralen i Skollebakken.

Framlegget og kandidaturet ditt skal vere grunngjeve.

 

Les retningslinjer og frist for å fremje kandidatar på kommunens nettsider:

https://www.ulstein.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/tilskot-stipend-og-utmerkingar/frivilligprisen/

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Generelle søknadar om tilskot

Kven kan søkje?
Lag og organisasjonar heimehøyrande i Ulstein kommune, eller som har arbeidet sitt retta mot menneske eller grupper heimehøyrande i kommunen kan søke om generelle tilskot.


Kva tiltak kan ein søkje på?
Alle tiltak som har til formål å betre livskvaliteten til menneske i kommunen

Kor mykje midlar er til rådvelde?
Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 50.000 kr til føremålet, og løyver kr. 25.000 per halvår.


Samfinansiering
Det er ikkje krav om samfinansiering, men søknaden skal skildre korleis midlane er tenkt brukt i ein heilskapeleg samanheng.


Søknadsfrist
Søknadsfrist for tildeling 1. halvår: 1. mai med tildeling innan utgangen av juni.
Søknadsfrist for tildeling 2. halvår: 1. oktober med tildeling innan utgangen av desember.

Korleis søkje?
Der er ikkje eige søknadsskjema til søknad om generelt tilskot. 

Søknad kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk søknaden "Generelle tilskot".
 

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Spelemidlar

Kven kan søkje?
Søkjarar om tilskot av spelemidlane sitt overskot til idrettsanlegg kan vere kommune, fylkeskommune, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.

For å kunne søke om tilskot frå spelemiddel til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, må du først søke kommunen om idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning. Sjå meir informasjon om dette på temasidene til anleggsregisteret.no. Det er kun eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidla.


Kva tiltak kan ein søkje på?
Du kan søkje om midlar som gjeld tiltak til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg. Ordninga har ikkje eigne retningslinjer, men er heimla i lov om pengespel.


Søknadsfrist?
Søknadsfrist for idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning: 15. oktober
Kommunen sin frist for vidaresending av søknadar til fylket: 15. januar

Korleis søkje?
Bruk skjema for søknad om spelemidlar.
 

Organisasjoner og foreninger
Om Ulstein kommunes støtteordninger

Ulstein kommune deler ut midler til trivelstiltak, ungdomstiltak og diverse andre kultur- og frivillighetstiltak. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Ulstein kommune.