Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
  • Abonner på utlysinger
  • Legg til i ønskeliste
  • Les mer om Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Om utlysingen

Gåvene frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og skal fremje våre verdiar; mangfald, trivsel og utvikling.

Søknadar om gåvemidlar må registrerast i vår søknadsportal, sparebankstiftinga.no

Organisasjonen du søkjer om midlar til må ha eit organisasjonsnummer (har de ikkje dette enda, kan det ordnast gratis og enkelt på brreg.no). Vi ber òg om at du legg ved eit budsjett for tiltaket du søkjer om midlar til.

Vår søknadsportal gir tilbakemeldingar i form av e-post + sms-varsling. Det tyder at du får svar på søknaden samt kvittering på utførte handlingar til e-postadressa/mobilnummeret du registrerer deg med. Når det er oppgåver du må gjere (t.d. be om utbetaling av tildelt gåve, eller registrere sluttrapport når tiltaket du har fått gåve til er gjennomført), skal dette gjerast i søknadsportalen.

Søknadsinformasjon

Søknadsbeløp på inntil 10.000 kroner («forenkla søknad») kan ein søkje om heile året og få svar innan 4 veker.

Større søknadsbeløp har søknadsfrist 1. mars og 1. september (8 vekers handsamingstid).

Internett: https://stipendportalen.no/utlysing/3417

Fakta om utlysingen og søknadsprosess

Antall utlysinger:

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Internship, Heltid Vestland