Språkrådets mastergradsstipend
  • Abonner på utlysinger
  • Legg til i ønskeliste
  • Les mer om Språkrådets mastergradsstipend

Språkrådet gjev støtte til mastergradsstudentar som bidreg til meir kunnskap om språket.

Vil du sjå nærare på klarspråk?
Om utlysingen

Språk er kanskje den viktigaste fellesmarkøren vi har; det er dét som gjer oss til eit samfunn. Grunnlova pålegg styresmaktene å legge til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, og språklova konkretiserer den delen av ytringsfridomen. Folk må ha tilgang til språk som gjer det mogleg for dei å vere aktive samfunnsborgarar. Difor har klarspråk vorte ein del av språkpolitikken.

Språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. Ho er eit sentralt verkemiddel for å sikre at norsk skal halde fram med å vere hovudspråket i Noreg, og at det skal kunne brukast på alle område i samfunnet.

Offentlege organ har plikter etter lova. Samla inneber lova at offentlege organ skal nytte norsk i alle sektorar, innbyggjarane skal kunne forstå og gjere seg nytte av informasjon frå det offentlege, folks individuelle språklege rettar skal respekterast, og nynorsk skal verte meir jamstilt med bokmål i praksis. § 9 i lova seier at offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.

Vi vonar at masterstudentar på fagfelt som statsvitskap, juss, teknologi, offentleg administrasjon og leiing er interesserte i å spørje seg kva språklova og plikta til å nytte klart språk kan ha å seie på deira felt.  Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.  

Aktuelle tema kan vere:

  • Kva slags meldingar, initiativ og testar er nyttigast for å nå målet om at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk tilpassa målgruppa»? (§ 9 og § 18)
  • Kva ser leiarar i ulike offentlege organ som sitt ansvar når det gjeld klarspråk hjå profesjonelle, mellom ulike fagmiljø eller nivå i forvaltninga? (§ 9 og § 18)
  • På kva måte ønskjer innbyggjarar som vil klage på uklart språk, å påverke praksisen i det offentlege? (§ 9)
  • Kva samfunnsoppdrag eller språkpolitiske mål kan omsynet til klarspråk kome i konflikt med?
Søknadsinformasjon

 Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på éi side som gjer greie for problemstillinga og metoden og for kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren 
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden, maksimum tre sider 

Språkrådet tar atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi vurderer som gode nok eller relevante nok. Stipendmottakarar må skrive under på ein avtale der Språkrådet mellom anna får rett til å leggje ut oppgåva deira på nettsidene til Språkrådet.

Bruk løysinga i stipendportalen eller send søknaden per e-post til post@sprakradet.no.

Søkjarane må merkje søknaden "Masterstipend: Språklova og klarspråk som verkemiddel".

Har du spørsmål, kan du kontakte torunn.reksten@sprakradet.no (22 54 19 54).

 

Internett: https://stipendportalen.no/utlysing/4562
Søknadsfrist : 01.10.2022

Fakta om utlysingen og søknadsprosess

Antall utlysinger:

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Internship, Heltid Norge