Språkrådets mastergradsstipend
  • Abonner på utlysinger
  • Legg til i ønskeliste
  • Les mer om Språkrådets mastergradsstipend

Språkrådet gjev støtte til mastergradsstudentar som bidreg til meir kunnskap om språket.

Vil du sjå nærare på digitale læremiddel i skulen?
Om utlysingen

Aktuelle tema kan vere:

  • Kva finst og kva finst ikkje av digitale læremiddel på bokmål og nynorsk?
  • I kva grad påverkar språkversjon lærarane sine val av digitale læremiddel? Til dømes om ein applikasjon ikkje finst i nynorsk versjon, vil lærarane velgje bokmålsversjonen?
  • Ei samanlikning av kvaliteten på språket i nynorskversjonen og bokmålsversjonen av digitale skriveverktøy.
Søknadsinformasjon

Søknaden må innehalde       

  • ei skisse på éi side som gjer greie for problemstillinga og metoden og for kor langt ein er komen i arbeidet 
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden, maksimum tre sider

Språkrådet tar atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi vurderer som gode nok eller relevante nok. Stipendmottakarar må skrive under på ein avtale der Språkrådet mellom anna får rett til å leggje ut oppgåva deira på nettsidene til Språkrådet.

Bruk løysinga i stipendbortalen.no eller  send søknaden per e-post til: post@sprakradet.no 

Søkjarane må merke søknaden «Masterstipend: Bruk av digitale læremiddel i skulen».

Har du spørsmål, kan du kontakte lars.nordal@sprakradet.no (966 23 629)

Internett: https://stipendportalen.no/utlysing/3940
Søknadsfrist : 01.10.2022

Fakta om utlysingen og søknadsprosess

Antall utlysinger:

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Internship, Heltid Norge