For å realisere målet om ein kunnskapsbasert kulturpolitikk lyser vi ut fire stipend à 25 000 kroner til masteroppgåver med tema innan idrett, folkehelse, kulturarv og allmennkultur som frivilligheit, kunst og kulturformidling, likestilling, spillteknologi og digital formidling av kultur.
Avgjersler innan kulturområdet skal vere kunnskaps- og forskingsbasert. Å hente inn ny kunnskap gjennom forsking er ein viktig del av ein kunnskapsbasert praksis. Det er eit mål å legge til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet og sikre tilfanget av relevant statistikk av høg kvalitet.
Masterstipenda vil bli tildelt studentar som skriv masteroppgåver som kan bidra til kunnskapsbygging om kulturlivet i Møre og Romsdal, og som belyser aktuelle problemstillingar i fylket. Det er ei forventing at studentane som mottek stipend presenterer masteroppgåva si for kulturavdelinga i etterkant av innlevering og bidreg med råd og innspel til kulturavdelinga basert på sitt arbeid. Masteroppgåva må leverast våren 2023.
Tema for masteroppgåvene kan vere:
- Idrett
- Folkehelse
- Allmennkultur, t.d. frivillig sektor, kunst- og kulturformidling, etc.
- Kulturarv
- Kulturelle og kreative næringar
- Likestilling
- Spillteknologi og digital formidling av kultur
Kven kan søke?
Alle masterstudentar som skal levere masteroppgåve våren 2023 ved høgskolar og universitet i Møre og Romsdal kan søke på stipendet.
Korleis søker eg?
Fyll inn søknadsskjemaet du finn på mrfylke.no med kontaktinformasjon og ei kort beskriving av oppgåva.
Last opp søknadsbrev og prosjektskisse.
Kva skal søknadsbrevet og prosjektskissa innehalde?
Søknadsbrevet skal vere ein kort beskriving av din motivasjon og ein kort presentasjon av korleis din oppgåve kan bidra til å auke kunnskapen om ulike tema innanfor kulturfeltet regionalt og nasjonalt.
Prosjektskissa skal innehalde ein framdriftsplan for oppgåva, ei kort utgreiing av tema, aktuell teori og korleis du tenker å gjennomføre datainnsamling og analyse.
Søknadsfrist
15. november
Kva kan fylkeskommunen bidra med?
Fylkeskommunen kan stille med kontor (booking), vere sparringspartnar i utforming av problemstilling og svare på andre aktuelle spørsmål.
Les meir og søk elektronisk på mrfylke.no